LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i psykologi

Søknadsfrist: 14.03.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan psykologi ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Sogndal

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking.

Stillinga er i hovudsak knytt til bachelorutdanningane i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie ved campus Sogndal, men ein må også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod og på tvers av geografi i instituttet.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde psykologi og psykisk helse, og emner knytt til fagseksjonen sine studieprogram, i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
  • Bidra til forsking knytt til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskningsprofilar
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde psykologi og psykisk helse
  • Delta i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnera

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt ph.d-grad og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse, innan relevant fagmoråde
  • For tilsetting om høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområde og profesjonskompetanse. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse vil bli vektlagt
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Psykolog med kunnskap og erfaring innan klinisk arbeid

Personlege eigenskaper:

  • Sjølvstendig og ansvarleg, og interesser for å utvikle utdanningane
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Initiativrik, fleksibel og løysingsorientert
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

Utdanningsfagleg kompetanse

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava i tråd med forskrifta, må fylle desse innan to år frå tilsetting. HVL har tilbod om kurs i høgskulepedagogikk. For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv i tråd med kriterier for utdanningsfalig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. For førsteamanuensis skal ein dokumentere utdanningsfagleg kompetanse med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesing. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor

Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Svanaug Fjær, tlf 55 58 57 53e-post: svanaug.fjer@hvl.no

2) Fagseksjonsleiar Marita Brekke Skjelvan, tlf 57 67 61 74 e-post marita.brekke.skjelvan@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS