LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i matematikk

Søknadsfrist: 09.05.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to mellombelse stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i matematikkdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillingane inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Stord, og er ledige i perioden 01.08.2021 – 31.07.2022.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillingane har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering av studentoppgåver. Du må kunne undervise både i grunnskulelærarutdanningane (1–7 og 5–10) og barnehagelærerutdanninga. Arbeidsoppgåver innanfor etter- og vidareutdanning og/eller kurs og oppdragsverksemd kan også vere aktuelt, avhengig av kva kompetanse du har, og instituttet/fagmiljøet sine behov
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Formell utdanning og kompetanse:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i matematikkdidaktikk/matematikk/statistikk eller innanfor eit relevant realfag som til dømes fysikk/fysikkdidaktikk.
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
  • For tilsetning som høgskulelektor må søkjar ha avlagt master/hovudfag i matematikkdidaktikk/matematikk/statistikk eller master i utdanningsvitskap/master i læring og undervisning med masterfag matematikk eller innanfor eit relevant realfag som til dømes fysikk/fysikkdidaktikk.
  • Den som blir tilsett må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga, også på nett.

Personlege eigenskapar:

  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
  • Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Formell praktisk-pedagogisk kompetanse
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og/eller høgare utdanning
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet. Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/1198 - førstelektor/1008 - høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Kristin Ran Choi Hinna, tlf.: 55 58 59 40 / 905 56 083, e-post: khi@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS