LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i historie
Søknadsfrist: 17.06.2021
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 100% mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i historie ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, og er ledig i perioden 01.09.2021 - 31.07.2022.
Arbeidsstaden er på campus Stord.
Ansvars- og arbeidsområde:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
- Undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskriften. Desse oppgåvene vil primært vera knytt til grunnskulelærarutdanningane (integrert 5årig master) og eventuelt barnehagelærarutdanninga (bachelor). Arbeid i andre utdanningar, kurs og oppdrag, kan bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
- Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
- Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga
Kvalifikasjonar:
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.
Formell utdanning og kompetanse:
- For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha doktorgrad innanfor historie eller historiedidaktikk.
- For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med doktorgrad innanfor historie eller historiedidaktikk.
- Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det bli aktuelt å tilsette høgskulelektor. Kompetansekravet vil då vera mastergrad i historie eller historiedidaktikk med godt resultat.
Personlege eigenskapar:
Alle søkjarar må ha kompetanse innanfor både eldre og moderne historie, og må vidare:
- Ha interesse for barn og unge si læring og utvikling
- Meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt kunne bruke engelsk skriftleg og munnleg
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar og kunne arbeide sjølvstendig
Det vil bli vurdert om søkjar er personleg egna for stillinga.
Følgjande vil telje positivt i vurderinga:
- Kompetanse i samfunnsvitskap utover historiefaget
- Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt.
- Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
- Internasjonalt nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Rask oppstart i stillinga blir tillagt vekt i vurderinga av kandidatane.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
- Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, stillingskode 1011 - førsteamanuensis/1198 - førstelektor/1008 - høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Leif Tore Trædal, førsteamanuensis, campus Stord, tlf.: 53 49 13 24, e-post: leif.traedal@hvl.no
2) Instituttleiar, Jan Helge Kallestad, tlf.: 55 58 59 43, e-post: Jan.Helge.Kallestad@hvl.no