LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / Førstelektor / Høgskolelektor i samfunnfag (50%)

Søknadsfrist: 17.09.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning.

I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling, i inntil 50%, som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i samfunnsfag ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga på inntil 50% inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, Campus Bergen eller campus Stord for perioden 01.10.2021 - 31.07.2022.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskriften. Desse oppgåvene vil primært vera knytt til barnehagelærarutdanninga (bachelor). Arbeid i andre utdanningar, kurs og oppdrag, kan bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga (bl.a noko reising Bergen-Stord eller Stord-Bergen)
  • Det kan også bli aktuelt å dele stillinga

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha samfunnsvitskapleg doktorgrad innanfor phd-programmet danning og didaktiske praksisar eller innanfor disiplinane sosialantropologi, sosiologi eller statsvitskap.

For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med doktorgrad innanfor tilsvarande fagområde som for førsteamanuensis.

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det bli aktuelt å tilsette høgskulelektor. Kompetansekravet vil då vera mastergrad i sosialantropologi, sosiologi eller statsvitskap med godt resultat (normalt A eller B)

Alle søkjarar må:

  • Ha interesse for barn og unge si læring og utvikling
  • Meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt kunne bruke engelsk skriftleg og munnleg
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar og kunne arbeide sjølvstendig
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Følgjande vil telje positivt i vurderinga:

  • Brei samfunnsvitskapleg kompetanse.
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt.
  • Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Internasjonalt nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid

Det vil bli vurdert om søkjar er personleg egna for stillinga.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Oppstart i stillinga ca 01.10. 2021.

Søkjar må oppgi ønske om arbeidsstad (Stord eller Bergen) og stillingsstorleik.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. For førsteamanuensis kan utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor/høgskolelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Førsteamanuensis Leif Tore Trædal, +47 53 49 13 24

2) Instituttleiar Jan Helge Kallestad, +47 55 58 59 43

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS