LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / Førstelektor / Høgskolelektor i Engelsk språk og litteratur

Søknadsfrist: 07.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet

Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 3 mellombelse stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Stillingane inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking.

Om stillinga:

Instituttet har ledig inntil 180% stilling som blir fordelt på stilingsbrøk etter avtale i eitt år frå hausten 2021 til 31.07.2022. Den som vert tilsett skal undervise i vidareutdanningstilboda Kompetanse for kvalitet, først og fremst i Engelsk1, 1-7, som er eit reint nettbasert tilbod. Undervisning i språklege eller i litterærer emne, eller i ein kombinasjon av begge desse, etter avtale. Rettleiing, tilbakemelding på og vurdering av innleverte oppgåver, og eksamensarbeid inngår og i stillinga. Det kan og verte aktuelt med vurdering og / eller undervisning i grunnutdanningane.

Arbeidsstaden er campus Bergen eller Sogndal

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillingene er primært knytt til skulefaget engelsk i grunnskolelærerutdanningane, inkludert didaktikk, og har følgende ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise i avtalte kfk-kurs og emner, inklusive fagdidaktikk
  • Rettleie, gje tilbakemelding på og vurdere innleverte oppgåver
  • Eksamensarbeid: være med å lage eksamensoppgaver, sensurere
  • Eventuelt emneansvar

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad innanfor eit område med relevans for stillingsprofilen. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis. For tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B, og med relevans for stillingsprofilen.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er engelsk, og høg kompetanse i både munnleg og skriflteg engelsk er påkravd.

Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Relevant undervisningserfaring
  • Erfaring fra nettundervisning / bruk av IKT i undervisningssammenheng
  • Pedagogisk kompetanse

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. For førsteamanuensis kan utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS