LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høg-skulelektor i helse- og omsorgsvitskap

Søknadsfrist: 17.01.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to 100% faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan helse- og omsorgsvitskap ved Fakultet for helse-og sosialvitskap.

Stillingane er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, fagseksjon for bachelor i sjukepleie ved campus Stord. Tiltreding i stillingane er 01.05.21.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning i bachelorstudiet for sjukepleiarar, vidareutdanningar og mastergrader innan helsefag
  • Rettleiing og oppfølging av studentar innanfor aktuelt fagområde, i teori, praksis og øvingsavdeling
  • Sensur og vurderingsarbeid
  • Vidareutvikling av emne og studieprogram og forskingsoppgåver knytt til relevante område

Kvalifikasjonar:

Kriterium for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

  • Grunnutdanning i sjukepleie og relevant hovudfag/mastergrad. Søkjarar med annan grunnutdanning kan vurderast.
  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt ph.d-grad og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse innanfor relevant fagområde
  • Vitskapleg arbeid innanfor aktuelt fagområde
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
  • Erfaring med FOU-prosjekt. Gjerne knytt til praktiske og dagsaktuelle utfordringar innan pleie- og omsorgstenester og bidrag til utvikling av metodar for å overføre og ta i bruk forskingsbasert kunnskapspraksis i feltet.
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Det er særleg ønskjeleg med sjukepleiekompetanse innan kommunehelseteneste, helsefremmande og førebyggjande arbeid. Anna erfaring vil òg bli vurdert.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevne både overfor studentar og tilsette frå ulike fagområde
  • Kunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar
  • Er initiativrik og liker å formidle
  • Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg på engelsk og norsk, eller anna skandinavisk språk

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesing.

Utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som førsteamanuensis har HVL eigne Kriterier for utdanningsfagleg basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling.

For stillingar som førstelektor/høgskulelektor krevjast dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og vegleiing. Søkjarar som ved tilsetting ikkje innfrir krava må innfri desse innan to år. HVL tilbyr kurs i utdanningsfagleg kompetanse.

Sakkunnig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 15 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen:

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.

Frå lønn vil det bli trekt 2% innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Georg Førland, telefon: 52702636 / 94865911

2) Fagseksjonsleiar Leif Steinar Alfsvåg, telefon: 53491422 / 47306661

Søk stilling

Powered by Labrador CMS