LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan sjukepleie med kompetanse om sårheling

Søknadsfrist: 31.01.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde sjukepleie med spesiell kompetanse om sårheling 

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, fagseksjon for folkehelse og allmennsjukepleie

Stillinga er i hovudsak knytt til utdanningstilbudet innan sårheling, men ein må også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.

Vi søkjer deg som vil bidra til å utvikle fagområde sårheling og som er aktiv forskar innan tematikken

Den som blir tilsett skal bidra til å vidareutvikle utdanningstilbodet innan sårheling i relevante bachelor-, vidareutdanning- og masterprogram og på same tid ta ei leiande rolle i utvikling av forksing knytt til sårheling

Arbeidsstad vil vere ved campus Haugesund eller Stord.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde sårheling og emne knytt til fagseksjonen sine studieprogram og fakultetet sine forskingsprofilar
  • Bidra til forsking knytt til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Planlegge, organisere og vidareutvikle utdanningstilbod
  • Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde sårheling 
  • Delta i utviklinga av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad innan relevant fagområde for sårheling
  • For tilsetting som førstelektor er kravet dokumentasjon på førstelektorkompetanse innan relevant fagområde for sårheling
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområdet og profesjonskompetanse med autorisasjon som sjukepleiar. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt 
  • Kompetanse innan sårbehandling
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga* 
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk 
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

*Utdanningsfagleg kompetanse

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk. For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL

** Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga, kan det vere aktuelt å tilsette i mellombels stilling som høgskulelærar/øvingslærar (st.kode 1007) i ein periode på 1 år. For tilsetting som høgskulelærar/øvingslærar er det krav om profesjonskompetanse med autorisasjon som sjukepleiar og dokumentert kompetanse innan sårbehandling.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål. 

For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. 

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar Siri Ytrehus e-post siri.ytrehus@hvl.no tlf 57 67 61 61

2) Instituttleiar Georg Førland e-post georg.forland@hvl.no tlf 52 70 26 36

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS