LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan intensivsjukepleie (campus Førde)

Søknadsfrist: 04.06.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.


Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde intensivsjukepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap – campus Førde

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, fagseksjon master i klinisk sjukepleie

Stillinga er i hovudsak knytt til master i spesialsjukepleie, intensivsjukepleie ved campus Førde, men ein må også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.

Arbeidsstad er campus Førde.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga inneber ei rekke pedagogiske arbeidsformer inkludert rettleiing av masteroppgåver, IKT-baserteførelesingar, studentaktive læringsmetodar inkludert praksisrettleiing, utarbeiding av eksamenssoppgåver,sensur, årleg utvikling av emneplananer i masterstudiet i spesialsjukepleie, intensivsjukepleie. Stillinga inneber forsking med relevans for intensivsjukepleie.

Den som blir tilsett må bidra i andre pedagogiske, vitskaplege og fagadministrative oppgåver, som til dømesstudiekoordinering, emneansvar, deltaking i forskargruppe, og samarbeid mellom forskingsfeltet og detkliniske feltet for å oppretthalde og stadig betre det pedagogiske og vitskaplege nivået i studiet.

Stillinga inneber samarbeid internt ved høgskulen så vel som med andre utdanningsinstitusjonar nasjonaltog internasjonalt. Stillinga er i hovudsak knytt til intensivsjukepleiestudiet, men den som blir tilsett må reknemed andre undervisnings- og rettleiingsoppgåver i instituttet.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

  • Autorisasjon som sjukepleiar med spesialutdanning i intensivsjukepleie
  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad, og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse med relevans for det vitskaplege feltet
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad i intensivsjukepleie.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
  • God IKT-kompetanse

I tillegg til dokumentert vitskapleg kompetanse blir det lagt vekt på engasjement, initiativ og interesse for at eiga vitskapleg karriereplan intensivsjukepleie bidreg i utviklinga av det vitskaplege nivået ved fagseksjonen, instituttet og fakultet

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Det er ein fordel at søkjaren har erfaring med studentaktive læringsmetodar og digitale undervisningsformer

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

Utdanningsfagleg kompetanse

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk. For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål.

For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar Johannes Haltbakk e-post johannes.haltbakk@hvl.no tlf 55 58 56 29

2) Instituttleiar Georg Førland e-post georg.forland@hvl.no tlf 52 70 26 36

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS