LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan datateknologi

Søknadsfrist: 10.11.2024

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil. Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.

Fakultet for teknologi, miljø- og naturvitskap har fem institutt med om lag 500 tilsette og 5700 studentar. Fakultetet vert leia av dekan som har det overordna ansvaret for den faglege og administrative verksemda ved fakultetet og som rapporterer til rektor. Hovuddelen av fakultetet si verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men fakultetet har også aktivitet ved campus Stord.

Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag har om lag 950 studentar og 140 tilsette i Bergen, Førde og Haugesund. Instituttet har ansvar for bachelorutdanningar i informasjonsteknologi og ingeniørutdanningar i automatisering med robotikk, datateknologi, elkraftteknikk, elektronikk og kommunikasjonsteknologi, i tillegg til undervisning i matematikk, fysikk og statistikk på ingeniørutdanningane ved fakultetet, samt forkurs til ingeniørutdanningane. Instituttet har også to masterprogram, eitt i anvendt datateknologi og ingeniørvitskap og eitt i programvareutvikling saman med Universitetet i Bergen. I tillegg har instituttet ansvaret for doktorgradsprogram i datateknologi.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ein fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan datateknologi ved Fakultet for teknologi, miljø- og naturvitskap.

Om stillinga:

Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag er på jakt etter ein høgt motivert kollega i stilling som førsteamanuensis, førstelektor eller høgskulelektor i datateknologi. Fagmiljøet ved ingeniørstudia ved campus Haugesund består i dag av rundt 30 tilsette innan datateknologi, elektro, realfag, maskin og brann/sikkerhet. På forskningssida er fagmiljøet særleg sterke innan simulering og visualisering.

Instituttet har også starta ein ny, tverrfagleg mastergrad i anvendt datateknologi og ingeniørfag som kan opne for moglegheiter til å rettleie studentar på høgare nivå.Instituttet også eit veletablert PhD-program innan datateknologi, og det er fleire stipendiatar knytt til dette på campus Haugesund. 

Arbeidsstaden er campus Haugesund.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing, vurdering og oppfølging av studentar innan datateknologiutdanninga. Undervisningskompetanse i matematikk eller fysikk vil også vere ein fordel. Videre er det forventa at den som blir tilsett deltek i forskning og utvikling innanfor relevante forskingsområde.

Den som vert tilsett i stillinga må ha brei kompetanse innan datateknologi med vekt på programmering. Det vert også lagt vekt på forskingserfaring/-kompetanse og pedagogisk kompetanse.

Aktuelle kandidatar må kunne undervise kurs i grunnleggjande og vidaregåande objektorientert programmering.

 Vidare den som vert tilsett kunne undervise i eitt eller fleire av temaene:

  • Algoritmar 
  • Databasar 
  • Operativsystem
  • Nettverk og distribuerte applikasjonar
  • Maskinlæring
  • Kunstig intelligens

Informasjonsteknologistudiet i Haugesund har eit godt samarbeid med næringsklynga for IKT i nærregionen, og per i dag er det eit fagmiljø rundt datateknologi, automatisering, maskin, brann, sikkerheit og maritim teknologi i Haugesund. 

Den som vert tilsett bør kunne inngå i instituttet sine fagmiljø rundt forsking og utdanning innan maskinlæring og kunstig intelligens, IKT-sikkerheit eller datagrafikk og simulering, og leggje til rette for samarbeidsprosjekt med næringslivet.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger jf. Forskrift til universitets- og høyskoleloven § 13-2 (1). 

Formell utdanning og kompetanse:

For tilsetjing som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad innan relevant fagområde, og for tilsetjing av førstelektor dokumentert relevant kompetanse på nivå med doktorgrad. 

For tilsetjing av høgskulelektor er det krav om mastergrad i informatikk/datateknologi eller tilsvarande. 

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga

Aktuelle kandidatar må ha brei erfaring med objektorientert programmering i Java eller beslekta programmeringsspråk, samt erfaring med eitt eller fleire av fagområda nemnt over. Kandidaten bør også ha erfaring med forsking som er relevant for fagfeltet. Det vert lagt vekt på at forskingsprofilen passar inn med fagmiljøet sine eksisterande forskingsområde.

I tillegg vert det lagt vekt på pedagogisk utdanning eller erfaring frå undervisning eller kursverksemd. Søkarar som ikkje kan dokumentere pedagogisk kompetanse ved tilsetting er forplikta til å gjennomføre høgskulen sitt kurs i høgskulepedagogikk eller tilsvarande etter nærare avtale.

I tillegg til formell kompetanse og relevant arbeids- og undervisningserfaring vil evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre verte lagt vekt på.

Undervisningsspråket er norsk, og det er ein føresetnad at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk. 

Aktuelle kandidatar kan verte bedne om å presentere eit undervisningsopplegg i tillegg til intervju.

Personlege eigenskapar:

  • Engasjement
  • Sjølvstendig
  • Innsatsvilje
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Utdanningsfagleg kompetanse:

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no

Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskodee 1011/1198/1008 - førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor..

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterande instituttleiarr Harald Spångberg, E-post: harald.spangberg@hvl.no
  • Assisterande instituttleiar Pål Ellingsen, E-post: pal.ellingsen@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS