Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i sosiologi - stats- og kommunalkunnskap
Søknadsfrist: 28.03.2023
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 90 ansatte og 1000 studenter fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i Samfunnsarbeid, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fast 100% stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde sosiologi - stats- og kommunalkunnskap ved Fakultet for helse- og sosialvitskap – campus Bergen eller Sogndal
Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt velferd og deltaking, fagseksjon bachelor vernepleie.
Vernepleiarutdanninga treng å styrke kollegiet med samfunnsvitskapleg kompetanse med vekt på fagområde sosiologi /stat og kommunalkunnskap. Tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar er eit kjerneområde for vernepleiarutdanninga. Stillinga skal òg dekke grunnutdanninga sine behov for undervisning knytt til organisasjon og forvaltning.I tillegg til heiltidsutdanningar i Bergen og Sogndal, driftar vi to deltidsutdanningar i Sogndal i Haugesund.
Stillinga er i hovudsak knytt til vernepleieutdanninga, men det må og påreknast undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet og ved andre campus. Noko reiseverksemd må påreknast. Det er eit uttalt mål at internasjonalt arbeid skal styrkjast ved utdanning. Stillinga kan ha tilknyting til campus Bergen eller Sogndal.
Ansvars- og arbeidsområde:
Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde sosiologi - stats- og kommunalkunnskap og emne knytt til fagseksjonen og instituttet sine studieprogram
Forsking- og/eller utviklingsarbeid med relevans for fagområde vernepleie
Bidra til utvikling av fagseksjonen sine studieprogram
Bidra inn i dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar, og utvikling av forskingsgruppene
Delta i utviklinga av nye relevante forskings– og utviklingsprosjekt, eventuelt utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
Bidra til forsking knytt til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse, innan relevant fagområde
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområdet. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
Relevant erfaring frå interessepolitisk arbeid i til dømes funksjonsehemmingsfeltet, og/eller relevant kompetanse knyttet til vernepleieren sitt fagområde; velferdsstat, sosialpolitikk, inkludering og deltakelse, kommunal forvaltning og politikk
Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
God IKT-kompetanse
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga*
Ønska kvalifikasjonar:
Erfaring med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
Personlege eigenskapar:
God evne til formidling
Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.