Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Leiande forskingsteknikar (60%) - Psykologisk institutt

Søknadsfrist: 28.09.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.

Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt

Om stillinga

Midlertidig 60% stilling som leiande forskingsteknikar (SKO1514) ved Psykologisk Institutt, Universitetet i Oslo. Stillinga skal yte teknisk og administrative bistand til forskarane, i hovedsak relatert til datahandtering. Stillinga blir del av forskingsstøtte-teamet i administrasjonen ved instituttet og rapporterer til data manager / forskingsadministrativ leiar. Stillingsutlysinga gjeld for inntil 3 år.

Forskingsstøtte-teamet ved instituttet har ansvar for koordinering og rådgiving innan EU-relatert og nasjonal og internasjonal finansiering av forsking og innovasjon, internasjonalt samarbeid på forskingsfeltet, regelverk og etikk, handtering av forskingsdata, kontrakter, drift samt for karriere- og leiarutvikling for forskarar.

Arbeidsoppgåver

  • Bistå forskarar/forskingsprosjekt med praktisk datahandtering;
    • legge til rette egna løysing for datalagring/prosessering
    • tilrettelegje data for analyse
    • gjennomføre datarydding
    • ivareta/kontrollere dataflyt
  • Bistå forskarar/forskingsprosjekt med administrativ datahandtering;
    • utarbeide datahandteringsplanar
    • dokumentere prosedyrer
    • følgje opp registreringsplikt
    • ivareta anonymisering og tidsfristar for sletting/anonymisering
  • Bistå administrasjonen med oppfølging av kontrollrutiner.
  • Bistå administrasjonen med kommunikasjon av prosedyrer og opplæring.

Kvalifikasjonskrav

  • Datakyndig.
  • Beherske både norsk og engelsk som arbeidsspråk.
  • Ha erfaring med UiO sine datahandteringsløysingar, spesifikke forskingsinfrastruktur og rutiner;
    • TSD
    • Nettskjema
    • Dataklassifisering
    • Lagringsguiden
  • Erfaring frå arbeid med forskingsdata, gjerne innan psykologi eller nærliggande fagfelt.
  • Psykologifaglig erfaring, gjerne Bachelor//Master/Profesjonsløp i psykologi eller liknande fagfelt.
  • Programmeringskunnskap er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt, systematisk, effektiv, omgjengeleg, og samvitsfull.
  • Må kunne vise til høg arbeidskapasitet og evne til å jobbe sjølvstendig.
  • Evne til å prioriterer arbeidsoppgåver, jobbe effektivt, og trivast i ein fleksibel arbeidssituasjon.

Vi tilbyr

  • Stillinga vert lønna som leiande forskingsteknikar (stillingskode 1514) fastsett etter individuell vurdering mellom kr. 461 300 - 507 600, avhengig av kompetanse evt. og ansiennitet.
  • Moglegheit til å opparbeide relevant erfaring, ekspertise og nettverk for ei seinare karriere innan forsking, forskingsadministrasjon eller datahandtering/’data science’.
  • Snarleg start.
  • Attraktive velferdsgoder for tilsette ved UiO, for eksempel trening i arbeidstida og moglegheit for å søke barnehageplass.
  • Stillinga er i utgangspunktet 60%, men alternativ prosent kan bli vurdert (etter ønske).
  • Moglegheit for stor fleksibilitet kva gjeld arbeidstid.
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med informasjon om motivasjon for å søkje stillinga samt skildring av bakgrunn og interesse.
  • CV med informasjon om utdanning og arbeidserfaring der du vektlegg relevant erfaring knytt til stillinga, samt 2 referansar med kontaktinformasjon.
  • Kopier av vitnemål og karakterutskrift.
  • Vi vil leggje særleg vekt på personlege eigenskaper og relevant erfaring.

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

  • Senioringeniør (data manager / data-protection controller) Torgrim M. Langleite, tlf: +47 22 85 15 57, e-post: [email protected]
  • Avdelingsleiar (forskingsadministrativ leiar) Elisabeth Gråbøl-Undersrud, tlf: +47 22 84 51 38, Mob. 922 57 780, e-post: [email protected]

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS