Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «Sex-specific mechanisms and biomarkers of insulin resistance». Prosjektet har ei førebels finansiering i to (2) år.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Utføre dyreforsøk med transgene mus (overvåking, fôring, veiing)
Fenotyping av mus (veiing av fôr og feces, metabolismebur, MR-scanning, glukosetoleransetest)
Analysere innsamla blod, feces og vev frå dyreforsøk
Analysere data frå dyreforsøk (vektendring, organvekter, feittcellestorleik, blodprøveanalysar, genuttrykk osb.)
Eksperiment i cellekultur (adipocyttar) med metabolsk/funksjonell karakterisering
Etablere/tilpasse nye prosedyrar for dyreforsøk og/eller cellekultur
Tolking av data og litteratur
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
Forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan molekylærbiologi, inkludert isolering av DNA og RNA, qPCR, Western blotting, immunhistokjemi og genotyping av transgene dyr (Cre-lox-system)
Forskaren må også ha praktisk erfaring med dyreforsøk, inkludert relevant kurs innan dyreforsøk, handtering og fôring av gnagarar, og administrasjon til gnagarar av stoff/medikament via oral gavasje og haleveneinjeksjon
Kunnskap om prosedyrar for cellekultur og metodar for metabolsk/funksjonell karakterisering vil bli vurdert fordelaktig
Søkjarar med erfaring med gnagar-modellar for kostindusert fedme/diabetes, seksjonering og merking av snitt frå hjerne, og kirurgi på gnagarar er spesielt ønska
Søkjaren bør ha erfaring med rettleiing, undervisning, skriving av vitskaplege arbeid/manuskript og skriving av søknader om forskningsmidlar
Personlege eigenskapar, inkludert evne til å arbeide sjølvstending og til samarbeid i eit forskningsmiljø vil bli vurdert
Søkjaren må vere motivert og ansvarleg, og ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
Kandidaten må skrive og snakke flytande engelsk
Erfaring frå internasjonalt samarbeid vil vere ein fordel
Vi kan tilby:
Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan molekylær, biokjemisk og fysiologisk regulering av energimetabolisme.
Løn for tida kr 635 400 (kode 1109, lønssteg 65) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 657 300 (kode 1109, lønssteg 67), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Simon Nitter Dankel, telefon +47 94 30 86 37 eller epost simon.dankel@uib.no
«UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.»
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.