Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved Institutt for framandspråk er det ledig ei 60 prosent fast stilling som forskar 1108 frå 1. januar 2024. Stillinga er knytt til utvikling og kvalitetssikring av Nasjonale prøver i engelsk, eit prosjekt som er finansiert av Utdanningsdirektoratet.
Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. Staben har nærare seksti fast vitskapleg tilsette, om lag 25 stipendiatar og postdoktorarar, elleve administrativt tilsette og ulike mellombels tilsette. Instituttet har fleire eksternfinansierte prosjekt, og Nasjonale prøver i engelsk er eitt av desse. Meir informasjon om instituttet ligg her.
Arbeidsoppgåver:
Ha det overordna faglege ansvaret for den kontinuerlege vidareutviklinga av Nasjonale prøver i engelsk.
Koordinere og leie arbeidet med å utvikle og kvalitetssikre prøver.
Ansvar for statistiske analysar.
Samarbeide med fagansvarlege på UiB og i Utdanningsdirektoratet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Det er eit krav at kandidaten har:
Mastergrad i engelsk språk eller i lingvistikk. Doktorgrad er ein føremon.
Forskarerfaring innanfor fagfeltet måling og vurdering av språkferdigheiter.
Høg språkkompetanse i engelsk, helst morsmålskompetanse.
Gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk (B2 eller høgre).
Erfaring med å utvikle storskala språkprøver.
Søkjaren bør òg ha:
Kjennskap til engelskfaget i norsk grunnskule/vidaregåande skule.
Undervisningserfaring frå norsk grunnskule/vidaregåande skule/universitet.
Vi ser etter ein medarbeidar som er effektiv, har gode samarbeidsevner og er positivt innstilt til endringar av arbeidsrutinar og i møtet med nye utfordringar.
Vurdering av søkjarane:
Søkjarane blir vurderte ut frå kvalifikasjonar og eigenskapar slik det er skissert over.
Søkjarane blir først vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte blir deretter inviterte til intervju. Den endelege vurderinga vil i tillegg legge vekt på kandidatane sine personlege eigenskapar for stillinga.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Løn 584.500 - 635.400 kr brutto per år i full stilling (kode 1108), tilsvarande lønssteg 60 – 65 i statens regulativ. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:
1. CV
2. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar.
3. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.
4. Oversikt over relevant forskingsarbeid.
5. Oversikt over relevant undervisningserfaring.
6. Liste over eventuelle vitskaplege/faglege publikasjonar.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokument på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Komiteen kan be om tilleggsdokumentasjon ved behov. NB: Søknadene vert vurderte ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Generell informasjon:
Interesserte kan få meir informasjon om stillinga frå:
Leiar av Nasjonale prøver i engelsk, Hildegunn Lahlum Helness, hildegunn.helness@uib.no eller 55 58 81 44 eller
frå instituttleiar Martin Paulsen, m.paulsen@uib.no eller 55 58 23 86
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.