LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar ved Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 21.03.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 , er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til Mohn Research Center for Diabetes Precision Medicine (PRECISE-DIA). Prosjektet har ei førebels finansiering i tre (3) år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Stillinga som forskar er knytt til arbeidspakke 2 - Frå variant til funksjon, og målet er å kartlegge patogenisitet av genvariantar hos pasientar med diabetes for dermed å kunne betre diagnostikk og gi meir presis behandling

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • Det er ønskjeleg at forskaren har vitskaplege kvalifikasjonar innan molekylærbiologi, cellebiologi, metabolisme, og genetikk/genomikk
  • Erfaring frå forsking innan funksjonelle analyser av GWAS data, fettvevsbiologi (medrekna kvite, beige og brune fettceller), genetisk manipulering av fettceller (inkludert CRISPR-Cas9), subcloning, isolering av of nukleinsyrer og protein frå celler, qPCR, Chip/Chip-seq, ATAC-seq, RNA-seq, Seahorse, Western blotting, luciferase-forsøk, og handtering av radioaktive strålekjelder
  • Erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk
  • Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan diabetes
  • Løn for tida kr 593 500 (kode 1109, lønssteg 64) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 615 000 (kode 1109, lønssteg 66), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
  • Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til
  • både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan Universitetet i Bergen
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-
  • studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i
  • forskingsgruppa
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS