LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar ved Institutt for informasjons- og medievitskap / CET

Søknadsfrist: 12.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Institutt for Informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei midlertidig stilling som forskar i prosjektet «Mediebruk i krisesituasjonar» (MUCS). Dette er ei midlertidig 100 % prosjektstilling på 12 månader. Forventa startdato er 1. september 2022.

MUCS-prosjektet handlar om mediebruk i samfunnsmessige krisesituasjonar, som klimakrisa og koronapandemien. Prosjektet driv tverrfagleg og kvalitativ forsking på korleis folk i Norge møter slike saker i kvardagen og i media. Prosjektgruppa er del av Mediebruksgruppa (Bergen Media Use Resarch Group), ei aktiv og leiande forskingsgruppe ved Institutt for informasjons- og medievitskap, og CET – Senter for klima og energiomstilling ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskaren skal ta del i prosjektgruppa i MUCS og arbeide med ulike oppgåver for prosjektet, spesielt knytt til datainnsamling i form av kvalitative intervju. Hausten 2022 skal prosjektet rekruttere og intervjue mediebrukarar til eit kvalitativt panel, og seinare skal dei same personane skrive mediedagbøker og svare på oppfølgingsspørsmål. Forskaren vil få oppgåver knytt til rekruttering, intervju, transkribering, analyse, administrasjon av kvalitative spørjeskjema, og arbeid med vitskaplege publikasjonar.

Vidare vil forskaren arbeide med koordinering av workshops og arrangement, blant anna opp mot klimaorganisasjonar og kommunikasjonsarbeidarar, og ta del i formidlingsaktivitet og administrative oppgåver i prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad innan media og kommunikasjon, samfunnsgeografi, sosiologi, sosialantropologi, eller andre relevante samfunnsvitskapelege eller humanistiske fag
  • Erfaring med kvalitativ metode, for eksempel frå forskingsprosjekt eller masteroppgåve basert på kvalitative intervju
  • Gode språkkunnskapar i norsk
  • Gode samarbeidsevner, og evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Motivasjon for forskingskarriere vil telje positivt

Vi kan tilby:

  • Godt fagleg og sosialt miljø
  • Relevant og tverrfagleg erfaring med forsking, formidling og prosjektarbeid
  • Årsløn for forskar 1108 er lønssteg 51 - 54 (LR25 i statens regulativ) tilsvarande NOK 468 300– 491 200,-. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknad som gjer greie for motivasjon og relevant erfaring
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar
  • Eventuelle publikasjonar

Søknaden skal merkast: 22/7911

Søknadsfrist: 12. august

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Brita Ytre-Arne, professor i medievitskap og prosjektleiar for MUCS (Brita.Ytre-Arne@uib.no), eller
  • Håvard Haarstad, professor i samfunnsgeografi og senterleiar for CET (Havard.Haarstad@uib.no)

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til Pernille Andersen Hole (pernille.hole@uib.no), seniorkonsulent HR.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meir offentleg innsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS