LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar - saksbehandlar i arkeologi

Søknadsfrist: 25.08.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her 

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetsmuseet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi, zoologi og paleobiologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda etter Kulturminnelova med forskrifter, samt ansvaret for tre botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 155 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her.

Forskar - saksbehandlar i arkeologi

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for kulturhistorie, Fornminneseksjonen, er det ledig ei fast stilling som forskar (SKO 1109) i arkeologi. Stillinga er knytt til den lovpålagde utgravingsverksemda ved Universitetsmuseet i Bergen. 

Fornminneseksjonen har ansvaret for forvaltningsinitierte arkeologiske undersøkingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt (Vestland og Sunnmøre). Seksjonen er elles rådgjevar for Riksantikvaren, fylkeskommunane, Sametinget og andre samarbeidspartnarar. Fornminneseksjonen utgjer saman med Forskingsseksjonen Avdeling for kulturhistorie. Fornminneseksjonen har fire fast tilsette forskarar og 16 administrative stillingar i tillegg til mellombels tilsette knytt til ulike forvaltningsprosjekt.

Arbeidsoppgåver:

Til stillinga ligg fagleg rådgjeving og sakshandsaming av dispensasjonssaker etter Lov om kulturminner. Ei sentral del av stillinga vil vere koordinering av Fornminneseksjonens feltarbeid og disponering av personale til dei ulike forvaltningsprosjekta. Den som får stillinga vil ha omfattande kontakt og samarbeid med kommunar, fylkeskommunar, Riksantikvaren og eksterne aktørar. Formidling, rådgjeving og fagleg informasjon til forskarar, studentar og publikum inngår og som ein del av arbeidet. 

Arbeidsoppgåvene vil og inkludere utarbeiding av planar og budsjett, samt prosjektleiing for arkeologiske forvaltningsprosjekt. Dette omfattar det faglege og administrative ansvaret for førebuing, gjennomføring, rapportering og avslutting av utgravingsprosjekt. Andre administrative og museale arbeidsoppgåver ved seksjonen kan og leggast til stillinga. 

Stillinga inneber krav til fagleg orientering og føreset kontinuerleg oppdatering på regional forskingsstatus samt eit særleg fokus på metode og det tverrfaglege og naturvitskaplege feltet. Samarbeid med dei naturvitskaplege fagmiljøa ved Universitetsmuseet er viktig. Det er venta at den som vert tilsett bidrar positivt inn til dei eksisterande forskingsmiljøa ved museet. Den som vert tilsett må rekne med egen feltdeltaking og stillinga vil medføre mykje reising.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonskrav:

  • Ph.d.-grad eller tilsvarande kompetanse i arkeologi
  • Brei arkeologisk felterfaring og bakgrunn frå relevant prosjektleiing
  • Erfaring med vitskapleg publisering, prosjektrapportering og formidling
  • God formuleringsevne, munnleg og skriftleg, i både norsk (eller skandinavisk) og engelsk. Det vert venta at søkjer kan gjere offentleg sakshandsaming på norsk innan rimeleg tid.

Søkjarens erfaring knyt til leiing, gjennomføring og rapportering frå arkeologiske utgravingsporsjekt samt erfaring frå saksbehandling vert tillagd vekt ved vurdering.

Vi ser det som ein føremon at søkjar har:

  • Oppdatert kompetanse på ulike arkeologiske og naturvitskaplege analysemetodar og erfaring frå tverrvitskapeleg samarbeid
  • Erfaring med sakshandsaming og rådgjeving knytt til kulturminneforvaltning
  • Vitskapleg produksjon knytt til data frå den prosjektbaserte verksemda
  • Kjennskap til kulturminneforvaltninga generelt og museal erfaring
  • Oppdatert kompetanse innafor relevante dokumentasjonsmetodar, digital arkeologi og GIS
  • Heilskapleg forståing av forvalting, forsking og formidling
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar:

  • Vere dugande til å levera i høve til tidsfristar og kvalitet
  • Vere løysings- og samarbeidsorientert
  • Kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima
  • Det er vesentleg at den som vert tilsett er godt eigna for stillinga, difor vert personlege eigenskapar og samarbeidsevner vektlagt i vurderinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • 20% av stillinga er tillagt eigen forsking
  • Stilling som forskar (kode 1109) kr 679.700 - 732.300 per år etter erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som beskriver kvalifikasjonar og motivasjon
  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • Komplett publikasjonsliste
  • Oversikt arkeologisk felterfaring og rapportar frå arkeologiske utgravingar
  • Liste over innsendte vedlegg

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknaden skal innehalde ei kortfatta framstilling av utdanning, tidlegare stillingar, vitskapeleg-, fagleg- og administrativ erfaring. Faglege/vitskapelege arbeid skal ikkje sendast inn saman med søknaden. Som eit første ledd i vurderinga vil det bli brukt ein sorteringskomité som vurderer alle søknadene. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli bedne om å sende inn eit utval vitskapelege arbeid, som vil bli vurderte av ein eigen sakkunnig evalueringskomité samen med andre relevante kvalifikasjonar. Dersom det er felles arbeid, må søkjaren legge ved ei kort utgreiing om eigen medverknad og rolle. Kandidatane vil bli bedne om å sende inn maksimum tre vitskapelege arbeid som søkjaren ser på som særleg relevante for stillinga.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få frå:

  • Seksjonssjef ved Fornminneseksjonen, Morten Ramstad, tlf. 40 61 00 70 e-post: morten.ramstad@uib.no eller til 
  • Instituttleiar Björn Nilsson, tlf. 41 24 69 13, e-post: bjorn.nilsson@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom søkjaren får melding om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS