LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (mellombels) ved Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 01.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar (mellombels) ved Klinisk institutt 2

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 (K2), er det ledig ei mellombels stilling som forskar (80 %) frå 25. mars 2024 og til 31. mai 2025. Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «RESPNOR/COVID 19_NORCAP». Prosjektet har ei førebels finansiering til 31. mai 2025.

Forskingsprosjektet vert leia av professor dr. med. Harleen Grewal, K2, Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssykehus.

Vi søkjer ein motivert, dynamisk og dyktig forskar med bakgrunn innan molekylærbiologi knytt til infeksjonssjukdommar/mikrobiologi. Som forskar vil du inngå i eit tverrfagleg nasjonalt og internasjonalt forskarteam knytt til BIDS (Bergen Integrated Diagnostic Stewardship Cluster) gruppa ved Klinisk institutt 2 (K2), Det medisinske fakultet, UiB, Gruppa består mellom anna av leger, statistikarar, og molekylærbiologar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett skal først og fremst utføre laboratoriearbeid, kor det stillas høge krav til kvalitet, nøyaktigheit, reproduserbarheit og sporbarheit i arbeidet som vert utført. Arbeidsoppgåvene vil inkludere DNA og RNA-ekstrahering, etablering/tilpasning av ulike PCR metodikkar, analysering av RNA og DNA med Next Generation Sequencing og bruk av transkriptom- og proteomanalysar. Erfaring med databehandling, -analysar og tolking vil telje positivt.

Den som vert tilsett forventast å:

  • Utføre laboratoriearbeid knytt til to eksternt finansierte prosjekta (COVID 19_NORCAP/RESPNOR). Arbeidet inkluderer transkriptom- og proteomanalysar.
  • Delta i analyse og formidling av data, inkludert skriving av publikasjonar.
  • Delta i rettleiing av studentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad.
  • Søkjaren må ha dokumentert sterk fagleg bakgrunn frå tidlegare studiar.
  • Søkjar må ha gode norsk og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Erfaring med proteom/transkriptom-analysar er ønskjeleg.
  • Kjennskap til og/eller erfaring med oppsett og tolkning av qPCR resultat er ønskjeleg
  • Kjennskap til og/eller erfaring med statistiske analysar, databehandling og bioinformatiske analysar er ønskjeleg.
  • Det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar.
  • Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane.
  • Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
  • Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan luftvegsinfeksjonar
  • Løn for tida kr 624 500 (kode 1109, lønssteg 64) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 646 000 (kode 1109, lønssteg 66), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
  • Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS