LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (mellombels) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 15.08.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar 

Ved Det medisinske fakultetet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) med oppstart så tidleg som mogleg og sluttdato 31.07.2025. Stillinga er eksternt finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «Integrering for helse», finansiert av Norsk forskningsråd. Prosjektet har ei førebels finansiering ut 2025. Arbeidsstaden er Alrek helseklynge i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Statistisk kompleks analyse av longitudinale data, inkludert kopling av data frå to generasjonar.
  • Skriving av faglege artiklar i internasjonale tidsskrift.
  • Formidling av resultata i akademiske forum, til helsemyndigheter, helsearbeidarar og det sivile samfunnet i Noreg og utlandet.
  • Samarbeid med heile "Integrering for helse"-gruppa for koordinering av oppgåver.
  • Enkelte undervisningsopplegg og rettleiing av studentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad.
  • Forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan epidemiologi på doktorgradsnivå.
  • Forskaren må ha erfaring frå forsking i migrasjon og helsa.
  • Søkjar må ha omfattande kunnskapar om handtering og analyse av store komplekse databasar.
  • Søkjar må ha publisert fleire artiklar i internasjonale fagfellevurdert tidsskrift.
  • Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner i et mangfaldig miljø.
  • Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking, evna til å jobba sjølvstendig, vitskapleg kreativitet og vere ansvarsmedviten. 
  • Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og beherske norsk minimum på nivå B2.
  • Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid med organisasjonar som WHO.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan innvandrarmedisin.
  • Løn for tida kr 635 400 (kode 1109, lønssteg 65) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 657 300 (kode 1109, lønssteg 67), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne.
  • Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV).
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar).
  • Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse.
  • Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format).
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med.
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt.
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

(Ved utlysing og tilsetting i stillingsgrupper der det underrepresenterte kjønn er under 40 % skal Universitetet i Bergen anvende moderat kjønnskvotering. Dette inneberer at det ved utlysning av slike stillingar skal tas inn i utlysningsteksten ei særleg oppmoding til det underrepresenterte kjønn om å søkje. Følgjande tekst skal då tas inn i utlysninga: «Vi oppmodar kvinner/menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.»).

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS