Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Stillinga er innan utvikling av effektive og heilt resirkulerbare katalysatorar for produksjon av bærekraftige polymerar, kor CO2 skal brukes som eit av råstoffa. Det langsiktige målet med forskingsprosjektet er å utvikle resirkulerbare katalysatorar for å lage CO2-baserte polymerar.
Dei som blir tilsett, vil designe, syntetisere og karakterisere hybride organiske-uorganiske sambindingar som potensielle katalysatorar for effektiv og selektiv konvertering av epoksid og CO2 til polykarbonat.
Arbeidet har hovudvekt på syntese, og innleiingsvis ligg fokuset på skreddarsydde hybride organisk-uorganiske sambindingar basert på polyoksometalat og organiske ligand. Sambindingane vil deretter bli systematisk testa i standard prosessar for epoksid/CO2 kopolymerisasjon, og deretter i prosessar med fornybare epoksid med sikte på meir miljøvenleg produksjon av plast.
Dei som vert tilsett, vil inngå i eit team og vil å jobbe saman med PhD-, MSc- og BSc-studentar. Dette betyr også at kandidaten får høve til å utvikle evnene sine innan forskingsleiing og rettleiing.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i kjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring med laboratorieforsøk i organisk og/eller uorganisk syntese er eit krav. Søkjarar må tydeleg oppgie og dokumentere type og nivå av relevant erfaring i syntese og karakteriseringsteknikkar i søknaden.
Erfaring med syntese og karakterisering av hybride polyoksometalat er ein sterk føremon.
Erfaring med katalyse er ein føremon.
Erfaring med krystallografi er ein føremon.
Erfaring med karakterisering av polymerar er ønskelig.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi kan tilby:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn etter lønssteg 62 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 573 900.- brutto. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
CV
karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
relevante attestar
liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
Vennlegast ikkje last opp en kopi av dine publikasjonar. En liste over publikasjonar er nok
Eit samandrag av ditt PhD-arbeid
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Førsteamanuensis Mali Husby Rosnes, Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen, E-post: Mali.Rosnes@uib.no, +47 55 58 82 60.
Professor Knut Børve, instituttleiar, Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen, E-post: Knut.Borve@uib.no , +47 55 58 33 65.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Ved utlysing og tilsetting i stillingsgrupper der kvinneandelen er under 40 % skal Universitetet i Bergen anvende moderat kjønnskvotering. Dette inneber at følgande oppmoding i slike tilfelle må inkluderast i utlysingsteksten:
«Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.»
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.