LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i SAT-løysing

Søknadsfrist: 30.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i informatikk - SAT-løysing

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei mellombels stilling som forskar i informatikk - (SAT-løysing)

Stillinga er for en periode på 2 år og er knytt til prosjekta «AUTOPROVING» og «SYMBOALGO», begge finansiert av Norges forskningsråd.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og didaktikk. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar, og 150 tilsette frå meir enn 35 land, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) og Computational Biology Unit som viktige utvidingar av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Din hovudoppgåve vil være bruk av SAT-løysingsteknikkar i utviklinga av algoritmar og i undersøkinga av matematiske forordningar som oppstår i kombinatorikk, grafteori og relaterte områder. Du bør ha sterk dokumentert kompetanse innan tema knytt til SAT-løysing, enten frå eit teoretisk synspunkt, eller frå eit praktisk synspunkt. Til dømes, om du er ein teoretikar, er dokumentert erfaring med å bevise ubetinga nedre grenser for bevissystem eller berekningsmodeller ein fordel. Om du er en praktikar, er dokumentert erfaring med å utvikle SAT-løysingsverktøy ein føremonn.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor eit emne som er sterkt relatert til SAT-løysing. Søkjarar som ikkje har doktorgrad må ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert ekspertise innan emnar knytt til SAT-løysing eller begrensningsprogrammering er eit krav.
  • Dokumentert kompetanse på å påvise ubetinga nedre grenser er ein føremon.
  • Dokumentert kompetanse innan implementering av SAT-løysingsteknikkar er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Vi kan tilby

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 573 900,- til 615 000,- (svarar til lønssteg 62-66). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt Karoline Skudal Christiansen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS