LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i romfysikk

Søknadsfrist: 27.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som forskar i romfysikk. Stillinga er finansiert av eksterne middel. Dei første 4,5 åra er stillinga finansiert av prosjektet "Ionospheric Impact Response Analysis by Regional Inforamtion Integration (IIRARII)".

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskaren vil vere knytt til gruppa “Dynamics of the Asymmetric Geospace” ved Birkeland Centre for Space Science. Hovudspørsmålet denne gruppa arbeider med er "Kvifor er verdsrommet rundt jorda asymmetrisk?" og "Kva romlege- og tidsskalaer er viktigast for dynamikken i rommet rundt jorda?" Dei første 4.5 åra vil stillinga vere finansiert av IIRARII-prosjektet, finansiert av Norges forskingsråd. I denne perioden vil forskaren bidra til å utvikle metodar for regional data-assimilering. Målet er å forstå korleis ionosfæren responderer til brå endringar i magnetosfæra. I tillegg til uavhengig forsking forventast det at forskaren bidrar aktivt i gruppas arbeid, og deltar i rettleiing av PhD-og masterstudentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor romfysikk.
  • Evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel må dokumenterast.
  • Erfaring frå forsking innan magnetosfære-ionosfærefysikk, og kjennskap til teknikkar som sfæriske elementære strømsystem er eit krav. Det er og eit krav at kandidaten har framifrå kunnskapar innan vitskapleg Python-programmering.
  • Følgjande kvalifikasjonar vil vere ein føremon:
  • Erfaring med dataanalyse, spesielt satellittmålingar av partikkelnedbør, optiske målingar av polarlys, og målingar av konveksjon frå bakken og rommet. Erfaring med analyse og tolking av magnetfeltmålingar frå bakke og rommet vil og vere ein føremon.
  • Erfaring frå rettleiing av studentar på master og PhD-nivå.
  • Erfaring med metodar for løysing av inverse problem.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 526 000. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her:

https://www.uib.no/matnat/125590/opprykk-til-forsker-kode-1183

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansierte.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmiddel til fagmiljøet, til seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt.
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tar slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS