LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i organisk syntese og legemiddelkjemi

Søknadsfrist: 23.07.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som forskar innan organisk syntese og lækjemiddelkjemi.

Stillinga er for 1 år og 3 månader knytt til eit forskingsprosjekt som er finansiert gjennom Noregs Forskingsråd og Joint Programming Initiative on Antimicrobial Resistance (JPIAMR) i EU-systemet. Prosjektet er del av eit tverrfagleg samarbeid mellom forskargrupper ved CZ-OPENSCREEN i Praha (Den tsjekkiske republikk), Mannheim University of Applied Sciences i Mannheim (Tyskland), Latvian Institute of Organic Synthesis i Riga (Latvia), Universite de Sherbrook i Sherbrooke (Canada), Institutt for Biomedisin ved det Medisinske fakultet og Kjemisk institutt ved Det matematisk- naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Forskingsområdet vil vere innan framstilling av små organiske sambindingar som ligandar for ein såkalla riboswitch, som er eit mogleg framtidig lækjemiddelmål for utvikling av nye antibiotika.
  • Arbeidet vil inkludere utvikling av synteseruter og framstilling av analogar som er identifisert gjennom high-throughput screening. Kandidaten vil framstille stoffbibliotek for studie av samanhengar mellom struktur og biologisk aktivitet. Eit viktig element i syntesestrategiane vil vere fleksibilitet.
  • Kandidaten vil jobbe i team med andre syntese- og legemiddel- og berekningskjemikarar. Den biologiske testinga i prosjektet vil verte utført av andre prosjektmedarbeidarar samt eksterne samarbeidspartnarar.
  • Prosjektet har som mål å framstille sambindingar som har aktivitet mot ESKAPE patogenar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. –grad eller tilsvarande utdanning innanfor organisk syntese eller legemiddelkjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjaren må dokumentere høg kompetanse og brei erfaring i organisk syntese. Ein bakgrunn i lækjemiddelkjemi vil vere fordelaktig.
  • Søkjaren må ha gode engelsk kunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Erfaring frå arbeid i tverrfaglege prosjekt vil vere ein føremon.
  • Det vil verte lagt vekt på at søkjaren har gode kommunikasjonsevner og er personleg skikka for stillinga.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 61 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 553 500. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV (skal lastast opp som separat dokument, maks. 4 sider ekskl. publikasjonsliste)
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Bengt Erik Haug, Kjemisk institutt, telefon: 55 58 34 68

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS