LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i jordsystemmodell prediksjon

Søknadsfrist: 08.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan jordsystemmodell prediksjon, med fokus på koplinga mellom klima og havbiogeokjemi/marine økosystem i det tropiske Atlanteren og Sør-Atlanteren. Stillinga er for ein periode på 2 år og er tilknytt EU H2020-prosjektet TRIATLAS "Tropical and South Atlantic- climate-based marine ecosystem prediction for sustainable management".

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

TRIATLAS er eit veldig sterkt internasjonalt og tverrfagleg prosjekt med 33 deltakarar frå 13 nasjonar i Europa, Afrika og Sør-Amerika. Det vil gje betre forståing av noverande tilstand og framtidig endring av det marine økosystemet i det tropiske Atlanteren og Sør-Atlanteren. Det tar sikte på å utvikle dei første klimabaserte marine økosystem predikasjonar for denne regionen, og på å samarbeide med lokale interessentar for å forbetra berekraftig utnytting av økosystemtenester.

Forskarstillinga vil bli dedikert til å undersøkje potensialet for endringar i marine økosystem på sesongmessige til tiårige tidsskalaer ved bruk av jordsystemmodellar og marine økosystemmodellar. Forskaren vil bruke den toppmoderne norske klimaprediksjonsmodellen (NorCPM) inkludert den biogeokjemiske HAMOCC (Hamburg Ocean Carbon Cycle Model) og ei marin økosystemmodell. Dette kan supplerast med analyse av eksisterande simuleringar fra FishMIP-databasen. Forskaren forventast å utvikle tverrfaglege samarbeid med forskarar innanfor prosjektet frå ulike bakgrunnar (f.eks. fysisk oseanografi, marinbiologi, fiskeri og samfunnsvitskap).

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande grad innan klimavitskap, oseanografi, meteorologi, biogeokjemisk/biologisk oseanografi eller andre relevante felt.
  • Sterk bakgrunn innan jordsystemdynamikk, inkludert marine fysisk-biologiske interaksjonar er eit krav.
  • Erfaring med å utføre Earth System Model (ESM) simuleringar på superdatamaskiner er eit krav.
  • Erfaring med programmering i Fortran, MATLAB, Python eller andre liknande dataspråk er eit krav.
  • Erfaring med å handtere og analysere store ESM-datasett er svært fordelaktig.
  • God forståing av tropisk klima, spesielt knytt til Atlanteren, er ein føremon.
  • Det er svært fordelaktig med erfaring frå arbeid med NorESM/NorCPM, havkomponent av NorESM, MICOM og/eller biogeokjemisk komponent av NorESM, HAMOCC; i tillegg til også kunnskap om marine økosystemmodellar.
  • Det er ein føremon med erfaring innan klimaprediksjon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og være villige til å samarbeide med forskarar frå ulike fagbakgrunnar innanfor prosjektet.
  • Søkjarar må ha gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Noel Keenlyside, Geofysisk institutt tlf: +47 55 582032, e-post: [email protected]

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS