Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar i global endringsøkologi
Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som forskar i global endringsøkologi.
Stillinga er finansiert av eksterne middel. Dei første 37 månadene er stillinga finansiert av NFR-prosjektet “The underappreciated roles of dwarf-shrubs in responding to and influencing global climate change” (DURIN) ved Universitetet i Bergen. Sjå her for ei beskriving av prosjektet og arbeidsoppgåvene.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Forskaren skal jobbe innan WP1 (fysiologi og funksjonell biologi av dvergbusker) og WP4 (Climate feedbacks: The CLM-FATES platform).
Arbeidsoppgåvene omfattar:
Karakterisere mikroklimaet til dei dominerande dvergbuskartane i Noreg i ulike habitat og på tvers av regionar ved hjelp av loggarar, termiske bildedata, og kople dette til plantefunksjon ved hjelp av eigenskapsbaserte tilnærmingar.
Kombinere feltmålingar og laboratorieanalysar for å kvantifisere fotosyntetisk kinetikk, respirasjon, termisk toleranse, hydraulisk yting og lysrespons av fotosyntese av dei dominerande dvergbuskartane i Noreg. Dette arbeidet vil fokusere på korleis desse ulike responsane varierer i ulike habitat og på tvers av regionar, og korleis dei kan knytast til plantefunksjonelle eigenskapar.
Leie arbeidspakken for klimatilbakekopling (WP4) der fysiologiske responsar (WP1), artsinteraksjonar (WP2) og økosystemfunksjonar (WP3) integrerast ved hjelp av modelleringsrammeverket CLM-FATES. Målet med denne arbeidspakken er å integrere ei ny dvergbusk PFT i CLM-FATES, og bruke denne modellen til å utforske økologiske hypotesar og deira konsekvensar for klimatilbakekoplingar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkaren må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor planteøkologi eller planteøkofysiologi, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er tildelt før tilsetjing kan skje.
Evne til å hente inn ekstern forskingsmiddel må dokumenterast.
Det krevst erfaring med tilnærmingar frå (i) feltbasert og eksperimentell planteøkologi, (ii) plantefunksjonelle eigenskapsbaserte tilnærmingar, og (iii) planteøkofysiologi av relevans for metodane og studiesystema som skal brukast i DURIN. Den som tilsetjast må ha erfaring frå alle tre felta, og ha publisert innan minst to.
Erfaring med tverrfagleg samarbeid for å utvikle, parametrisere og validere nye PFT-er i CLM-FATES eller liknande modelleringsmiljø er eit krav.
Våre forskingsprosjekt produserer og kombinerer ulike data, og erfaring og ferdigheiter i bevissyntese, open vitskap og reproduserbar dataarbeidsflyt er derfor eit krav.
Praktisk erfaring i bredda av empiriske felt- og laboratoriemetodar som vil bli brukt i DURIN er eit krav (t.d. etablering og vedlikehald av feltøkologiske og laboratorieøkofysiologiske eksperiment for alpine plantar; over- og under bakken-målingar av plantefunksjonelle eigenskapar; fotosyntetiske målingar ved bruk av for eksempel LI-COR LI-6400/6800; termiske toleranseanalysar, fortrinnsvis ved bruk av klorofyllfluorescensavbildning; hydrauliske målingar ved hjelp av trykkammer; mikroklimamålingar for økologiske applikasjonar, inkludert loggarar, bilder og / eller termokoplingar).
Søkarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha evne til å samarbeide med andre.
Søkarar må ha gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.
I vurderinga av kandidatane skal det føretakast en gjennomgong av både kvaliteten og breidda i kandidaten si forsking. Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Følgande premissar er lagt til grunn for stillinga:
Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansierte.
Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmiddel til fagmiljøet, til seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskings-gruppa.
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tar slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.
Vi kan tilby:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som forskar (kode 1109) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 573 900 (tilsvarande lønstrinn 62). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
medlemsskap i Statens pensjonskasse
gode velferdsordningar
Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her.
Søknaden skal innehalde:
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
CV
karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
relevante attestar
liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Vigdis Vandvik, Institutt for biovitskap, UIB, telefon +47 4730 1794
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.