Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i fiskeri og biostatistikk

Søknadsfrist: 05.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan biostatistikk anvendt på fiskeri. Stillinga er for ein periode på eit år. Stillinga er knytt til faggruppa Fiskeri- og marinbiologi og prosjekt "Joint effects of climate and fishing on dynamics of exploited ecosystems (SINORSEAS)”, finansiert av Norges forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Målet med prosjektet er å forstå korleis økosystema reagerer på klimavariasjon og endringar i utnytting av fiskeriene, både når det gjeld økosystemtilstand og tenester. Prosjektet er avhengig av analyse av biologiske og økonomiske tidsseriar på den eine sida, og på bruk av økosystemmodellar på den andre sida; denne ledige stillinga er hovudsakeleg fokusert på den første tilnærminga. Prosjektet har to geografiske fokusområde, Norskehavet og Barentshavet i Noreg, og De gule og østkinesiske havane i Kina. Prosjektet gjennomførast i lag med forskingsinstitusjonar i Bergen (UiB / BIO, Havforskningsinstituttet, og SNF Center for Applied Research ved NHH), Kina (Ocean University of China (Qingdao), East China Sea Fisheries Research Institute (Shanghai)) og Canada (Fisheries and Oceans Canada (Nanaimo)). Dersom den internasjonale reisesituasjonen tillèt det, er besøk til våre samarbeidspartnar mogleg.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor fiskeribiologi, biostatistikk, eller tilsvarande disiplin, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå analyse av fiskeri-tidsseriar og biologiske data med teknikkar som multivariabel tidsseriemodellar, generaliserte lineære blanda modeller og generaliserte additive modeller er eit krav.
  • Erfaring frå forsking relatert til klimaendringar er ein føremon.
  • Kunnskap om marine økosystem og fiskeri i norske farvatn er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Det er ein føremon om søkjaren kan begynne i stillinga snarleg.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Mikko Heino, BIO, tel. 55584544, mikko.heino@uib.no, prosjektleiar, eller
  • Faggruppeleiar, professor Arild Folkvord, tel. 55584456, Arild.Folkvord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS