LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (50%) – Utdanningsfagleg prosjekt i allmennmedisin

Søknadsfrist: 02.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

FORSKAR (50%) – Utdanningsfagleg prosjekt i allmennmedisin

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling (50 %) som forskar og dagleg leiar for eit utdanningsfagleg prosjekt innan allmennmedisin.

Stillinga er knytt til prosjektet «Fleire praksisplassar og betre rettleiing for medisinstudentar på fastlegekontora (FRONESIS)», finansiert av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku). Prosjektet har ei førebels finansiering i 4 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Føremålet med prosjektet er å bidra til at medisinutdanningane i Noreg har eit tilstrekkeleg tal praksisplassar i primærhelsetenesta, med god kvalitet og kompetente praksisrettleiarar. Både volum og kvalitet på praksisplassar er under press, både gjennom «fastlegekrisa» og mangel på nasjonale avtalar og lovverk som sikrar at utdanningane har eit stort nok tal praksisplassar i kommunane. Prosjektet skal kartlegge, utvikle og prøve ut nye modellar for praksis, med mål om fleire, lengre og betre praksisperiodar, samt utvikle og pilotere ein ny og fleksibel vidareutdanning med sikte på å oppnå nasjonale krav for rettleiarkompetanse.

For det aktuelle prosjektet er det inngått partnarskap med Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest. Det er i rundt 90 fastlegekontor i ni kommunar dei ulike modellane for praksis skal prøvast ut, medan kartleggingsdelen av prosjektet dels vil vere regionalt (Helse Vest) og dels nasjonalt. I siste del av prosjektet skal det utviklast og prøvast ut ei nasjonal praksisrettleiarutdanning på masternivå retta mot fastlegar.

Stillingsinnehavaren skal

  • vere dagleg leiar for prosjektet og drive det framover i nært samarbeid med prosjektleiar, prosjektmedarbeidarar, referansegruppe og styringsgruppe
  • delta i følgjeforsking og evaluering av prosjektet i samsvar med prosjektplanen, og delta i rettleiarteam for stipendiat dersom ønskjeleg og etter vitskaplege kvalifikasjonar
  • delta i utforming av spørjeskjema, utvikling av modellar for praksisinnhald og praksisavtalar med fastlegar og fastlegekontor
  • delta i møter med fastlegar og kommunar og utforme praksisavtalar
  • følgje opp prosjektet i samsvar med prosjektplanen, rapportering og rapportutforming
  • presentere prosjektet og formidle resultat i relevante fora lokalt og nasjonalt
  • vere medlem i prosjektet si prosjektgruppe

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • det er ønskjeleg at forskaren har vitskaplege kvalifikasjonar innan allmennmedisin eller samfunnsmedisin, og erfaring frå slik forsking vil bli tillagt stor vekt
  • grundig kjennskap til fastlegeordninga, antan som klinikar, frå samfunnsmedisinsk stilling eller frå organisasjonsarbeid vil bli vektlagt
  • det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med vitskapleg rettleiing og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • det vil bli lagt vekt på erfaring frå allmennmedisinsk undervisning, både i grunnutdanning og i vidare- og etterutdanning
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid, samt personlege eigenskapar som gjer søkjar eigna for stillinga, vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for utdanningsspørsmål, forsking og utvikling av fastlegeordninga som praksisarena
  • søkjar må vere god i munnleg og skriftleg norsk og engelsk

Vi kan tilby:

  • eit godt arbeidsmiljø ved Faggruppe for allmennmedisin i ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
  • flott arbeidsplass i nye Alrek helseklynge
  • løn etter lønssteg 64 (kode 1109/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 575 600. For søkjarar med spesialitet lønssteg 66 (lønsramme 24.10), for tida 597 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, tilbåde seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Det er utarbeidd protokoll for prosjektet som ein kan få tilsendt på førespurnad.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Prosjektleiar og professor Steinar Hunskår, steinar.hunskar@uib.no, tlf. 9583 5353

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS