Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar (20 %)
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar (20 %). Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til NFR prosjektet «DNA metylering i psykiske lidingar og mediering frå miljø faktorar frå fødsel til vaksen». Prosjektet har ei førebels finansiering i 2,5 år.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet er i ei gruppe som har fokus på epigenetiske effektar i psykiske lidingar. Gruppa har fleire prosjekt i psykiske lidingar (schizofreni, bipolar liding, ADHD).
Vi gjennomfører Epigenome Wide Association Studies (EWAS) av forskjellige psykiske lidingar, fenotypar og miljøfaktorar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
søkjar må ha erfaring med å analyse av DNA-metylering i store prøver (N> 1000) frå QC til analyse av DMPs, DMRs og pathways
søkjar må ha erfaring med å jobbe på sikre servere som TSD og implementere nye analyse pipeline
søkjar må ha erfaring med statistisk metode brukt i EWAS og R tools som er brukt for EWAS analyse
søkjar må ha erfaring med bruk av R og må ha programmeringsferdigheter
søkjar som har erfaring med analyse av komplekse lidingar og miljøeffektar, er spesielt velkomne til å søke på stillinga
det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
søkjar må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid
Vi kan tilby:
eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan Epigenetikk av psykisk liding.
løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 800 – 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
doktorgradsavhandlinga (pdf)
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.