LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar - saksbehandlar i arkeologi

Søknadsfrist: 20.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar - saksbehandlar i arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda etter Kulturminnelova med forskrifter, samt for to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 140 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her.

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Fornminneseksjonen, er det ledig ei fast stilling som forskar (sko1109/ evt. sko 1008) i arkeologi knytt til den lovpålagde utgravingsverksemda ved museet. Fornminneseksjonen har ansvaret for forvaltningsinitierte arkeologiske undersøkingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt (Vestland og Sunnmøre). I tillegg er seksjonen ansvarleg for forvaltninga av bergkunstlokalitetar innanfor sitt forvaltningsområde. Seksjonen er elles rådgjevar for Riksantikvaren, fylkeskommunane, Sametinget og andre samarbeidspartnarar.

Fornminneseksjonen utgjer saman med Forskingsseksjonen Avdeling for kultur. Til saman har den kulturhistoriske verksemda ved Universitetsmuseet omlag 50 faste stillingar, med vitskapleg og forvaltingsansvar for antropologi, arkeologi, konservering, kunsthistorie og kulturvitskap. Fornminneseksjonen har fire fast tilsette forskarar og 15 administrative stillingar i tillegg til mellombels tilsette knytt til ulike forvaltningsprosjekt.

Arbeidsoppgåver:

Til stillinga ligg fagleg rådgjeving og sakshandsaming av dispensasjonssaker etter Lov om kulturminne. Den som får stillinga vil ha omfattande kontakt og samarbeid med kommunar, fylkeskommunar, Riksantikvaren og eksterne aktørar. Formidling, rådgjeving og fagleg informasjon til forskarar, studentar og publikum inngår og som ein del av arbeidet.

Arbeidsoppgåvene inkluderer og utarbeiding av planar og budsjett, samt prosjektleiing for arkeologiske forvaltningsprosjekt. Dette omfattar det faglege og administrative ansvaret for førebuing, gjennomføring, rapportering og avslutting av utgravingsprosjekt. Stillinga inneberer krav til fagleg orientering og føreset kontinuerleg oppdatering på regional forskingsstatus, også på det tverrfaglege arkeologisk/naturvitskaplege feltet.

Andre administrative og museale arbeidsoppgåver ved seksjonen inngår også i stillinga. Det er forventa at den som vert tilsett bidrar positivt inn til dei eksisterande forskingsmiljøa ved museet. Den som tilsettast må rekne med egen feltdeltaking og stillinga vil medføre reising.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Forskar stillingskode 1109

  • PhD-grad eller tilsvarande kompetanse i arkeologi
  • Brei arkeologisk felterfaring og bakgrunn frå relevant prosjektleiing
  • Erfaring med vitenskapeleg publisering, prosjektrapportering og formidling
  • God formuleringsevne, munnleg og skriftleg, i både norsk (eller skandinavisk) og engelsk. Det forventast at søker kan gjere offentleg sakshandsaming på norsk innan kort tid.

Forskar stillingskode 1108

  • Mastergrad eller tilsvarande kompetanse i arkeologi
  • Brei arkeologisk felterfaring og bakgrunn frå relevant prosjektleiing
  • God formuleringsevne, munnleg og skriftleg, i både norsk (eller skandinavisk) og engelsk. Det forventast at søker kan gjere offentleg sakshandsaming på norsk innan kort tid

Det vert særleg lagt vekt på:

  • Erfaring med sakshandsaming og rådgjeving knytt til kulturminneforvaltning
  • Oppdatert kompetanse innanfor relevante dokumentasjonsmetodar og GiS
  • Personlege eigenskapar og samarbeidsevner
  • Vera dugande til å levera i høve til tidsfristar og kvalitet
  • Heilskapeleg forståing av forsking og musealt arbeid
  • Fagleg bredde, men det er spesielt ønskjeleg med kompetanse innanfor agrarbusetting eller utmarksbruk
  • Førarkort for bil

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • 20% av stillinga er tillagt eigen forskning (1109), eventuelt fagleg utvikling (1108)
  • Stilling som forskar kode 1109, lønnstrinn 65-69 (dette utgjer ei årsløn på kr. 594.300 - 637.900), eventuelt kode 1108, lønnstrinn 63-67 (dette utgjer ei årsløn på kr. 574.700 - 615.800), i det statlege lønsregulativet, etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida

Vurdering:

Vurderingsgrunnlaget er søkjarens erfaring knyt til gjennomføring og rapportering frå arkeologiske utgravingsporsjekt, erfaring frå saksbehandling og vitskapeleg kvalifikasjon og produksjon. Det blir oppfatta som positivt om sistnemnde er knytt til data frå den prosjektbaserte verksemda. Både kjennskap til kulturminneforvaltninga generelt og museal erfaring reknast og som ein fordel. Det er vesentleg at den som vert tilsett er eigna for stillinga, og det vil difor og verte lagt vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevner.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som beskriver kvalifikasjonar
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Oversikt over arkeologisk felterfaring og rapportar frå arkeologiske utgravingar
  • Liste over innsendte vedlegg

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknaden skal innehalde ei kortfatta framstilling av utdanning, tidlegare stillingar, vitskapeleg-, fagleg- og administrativ erfaring. Faglege/vitskapelege arbeid skal ikkje sendast inn saman med søknaden. Som eit første ledd i vurderinga vil det bli brukt ein sorteringskomité som vurderer alle søknadene. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli bedne om å sende inn eit utval vitskapelege arbeid, som vil bli vurderte av ein eigen sakkunnig evalueringskomité samen med andre relevante kvalifikasjonar. Dersom det er felles arbeid, må søkjaren legge ved ei kort utgreiing om eigen medverknad og rolle. Kandidatane vil bli bedne om å sende inn maksimum fem vitskapelege arbeid som søkjaren ser på som særleg relevante for stillinga.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef ved Fornminneseksjonen: Morten Ramstad, tlf. 55 58 49 44/ 40 61 00 70 (morten.ramstad@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendas elektronisk via jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom søkjaren får melding om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS