Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved det samfunnsvitskaplege fakultet, Institutt for samanliknande politikk, er det ledig ei mellombels 75% stilling som forskar for ein periode på opp til 13 månader. Stillinga er tilknytt forskingsprosjektet WAGEREG “Bringing in the state: The politics of wage regulation and low-wage employment” som er finansiert frå Forskningsrådet.
Ønska tiltreding er i februar 2022.
Om prosjektet:
WAGEREG-prosjektet analyserer politikken statar bruker for å hanskast med lågtlønt arbeid. Det søker særleg å forklare forskjellen i verktøya ulike statar bruker når problematikken rundt lågt lønna yrke skal adresserast. Det har blitt meir og meir vanleg i fleire utvikla land å arbeide for særleg låg lønn. Statar har fleire verkemiddel tilgjengeleg for å gjere noko med denne situasjonen. Dei kan innføre lovverk om minstelønn, dei kan betale lønnstilskott for å hjelpe dei med lågast lønn, eller dei kan prøve å styrke kollektive lønnsforhandlingar. Dette prosjektet samanliknar i kva for grad ulike utvikla land bruker desse verktøya.
Deretter søker prosjektet å forklare ulikheitene på tvers av landa. Samstundes skal prosjektet utvikle ei ny og generell forståing av korleis statar påverkar lønnsfastsetting og lønnsdistribusjon.
Om stillinga:
Forskaren ventast arbeide saman med prosjektleiaren om å ferdigstille forskingsoppgåver i WAGEREG-prosjektet. Forskaren vil bli en del av prosjekt-teamet. Det er forventa at forskaren skal ha Bergen som arbeidsstad.
Arbeidsoppgåvene vil bestå av å:
Lage ein historisk case-studie av arbeidslivspolitikk gjeld lågt lønna arbeid i Norge.
Gjennomføre intervju med forskjellige aktørar i norsk arbeidslivspolitikk.
Samarbeide om å skrive utkast til og ferdigstille forskingsartiklar
Bidra til WAGEREG-prosjektet i team-møte og på andre måtar som er nødvendig.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
PhD grad i samanliknande politikk eller historie
Erfaring med historisk forskning og intervju
Veldig god kunnskap om arbeidsliv i Norge
Gode samarbeidsevner
Særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk
Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn etter lønssteg 61 ved tilsetjing (Lpl.90.400/st. kode 1109). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Praktiske spørsmål om søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent HR Hanne Cappelen, e-post:, hanne.cappelen@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.