Ledig stilling ved NGU

Forskar i kvartærgeologi

Søknadsfrist: 10.06.2020

Norges geologiske undersøkelse

Norges geologiske undersøkelse (NGU) er landets sentrale institusjon for kunnskap om berggrunn, mineralressurser, løsmasser og grunnvann. NGUs oppgaver omfatter geologisk, geofysisk og geokjemisk kartlegging, utvikling og drift av databaser, forskning, informasjon og rådgivning, til det offentlige og til industrien. Vår virksomhetsidé er Geologi for samfunnet. NGU har ca 200 ansatte fra 27 nasjoner, hvorav ca. 60 prosent er forskere.


Nærmere informasjon om NGUs organisasjon og arbeidsoppgaver finnes på www.ngu.no

Det er ledig ei fast stilling som forskar i kvartærgeologi ved Norges geologiske undersøkelse (NGU). Som geolog ved NGU er du del av eit stort og kompetent fagmiljø, med trivelege og produktive geologar frå heile verda. NGU som arbeidsplass gjev gode vilkår for di eiga faglege utvikling og auka kompetanse som geolog, både akademisk og samfunnsretta.

Arbeidsoppgåver

Vi ynskjer ein sjølvstendig og sterkt fagleg motivert geolog som skal delta i kvartærgeologisk kartlegging og relatert forsking. Du vil få varierte og spennande faglege utfordringar og du vil vera involvert i heile NGUs arbeidsløype «frå felt til folk». Du vil delta i alt frå innsamling av nye geologiske observasjonar, prøvetaking og målingar i felt, til vidare analyse og tolking innomhus og til publisering og presentasjon av resultata for samfunnet.

Du må rekne med 1-2 månader feltarbeid årleg. Den utlyste stillinga vil liggje til laget for kvartærgeologi ved NGU, som har ansvar for den kvartærgeologiske kartlegginga av det norske fastlandet og for å forvalte denne kunnskapen i den nasjonale lausmassedatabasen. Delar av kartleggingsaktiviteten vil vera knytt til prosjekt i potensielt skredfarleg terreng, i samfinansiering med NVE.

Kvalifikasjonskrav

  • Du må ha fullført doktorgrad eller mastergrad i geologi eller naturgeografi, med spesialisering innan landbasert kvartærgeologi eller nærliggjande fagområde.
  • Du må ha evne og interesse for å delta i variert feltarbeid knytt til ulike kvartærgeologiske problemstillingar over heile landet.
  • Som forskar må du kunne tolke og forstå eigenskapar og opphav til ulike avsetningar og landskap i Norge. Du må vidare ha evne og interesse for å sjå dine observasjonar i ein heilskapleg, regionalgeologisk samanheng.
  • Praktisk erfaring med geologisk kartlegging og bruk av GIS, både i felt og på kontor, blir sett som ein fordel.
  • Særskilt kompetanse i bruk av kvartærgeologiske analysemetodar (t.d. innan sedimentologi, geomorfologi, kronologi, stratigrafi mv.) blir sett som ein fordel.
  • Kunnskap og erfaring med prosessar og avsetningar relatert til lausmasseskred blir sett som ein fordel.
  • Formell og reell kompetanse og erfaring innan ulike kvartærgeologiske tema og metodar må dokumenterast i søknaden.
  • Du må førarkort for personbil.

Personlege eigenskapar

Som forskar ved NGU vil du jobbe i ulike fagprosjekt saman med kollegaer, enten som medarbeidar eller prosjektleiar. Du må vera god på samarbeid og munnleg kommunikasjon, både internt i prosjekta og i kontakt med ulike interessentar i samfunnet. Du må kunne formidle geologisk kunnskap både vitskapleg, populært og i kontakt med brukarar av NGUs tenester. Du bør meistre eit skandinavisk språk (i tillegg til engelsk) både skriftleg og munnleg. For elles godt kvalifiserte kandidatar kan norskopplæring bli tilbydd ved behov.

Vi tilbyr

Vi kan tilby eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med spennande faglege utfordringar og gode vilkår for fagleg utvikling og internasjonalt samarbeid. Vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uavhengig av til dømes alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en.

Stillinga blir løna i samsvar med utdanning og erfaring etter Statens hovudtariffavtale, som forskar med mastergrad (stillingskode 1108) frå kr 456.000 brutto per år eller med doktorgrad (stillingskode 1109) frå kr. 522.800 brutto per år. Av beløpet blir 2% trekt til Statens pensjonskasse.

Korleis søkjer du stillinga

Om du treng meir informasjon om stillinga, kan du kontakte:

  • Lagleiar Anders Romundset, +47 97171381, anders.romundset@ngu.no, eller
  • Avdelingsdirektør Vegard Aune , +47 97055868, vegard.aune@ngu.no

Send søknadsbrev med vedlagt CV, vitnemål, publikasjonsliste (vitskapleg og populær formidling) og namn på tre referansepersonar ved å trykkje «Søk på stillingen» innan 10. juni.

Søkjarlista er offentleg. I følge Offentleglova §25, andre ledd, kan informasjon om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil da bli varsla på førehand. Eventuell informasjon om nedsett funksjonsevne eller hol i CV, kan bli brukt til statistikkformål i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad, dersom vedkomande blir tilsett.

Webcruiter-ID: 4240384903

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Vegard Aune (Avdelingsdirektør), +4797055868, vegard.aune@ngu.no
  • Anders Romundset (Lagleder), +4797171381, anders.romundset@ngu.no
Powered by Labrador CMS