Spennende jobbmulighet i forskingsgruppa for klima og miljø ved Vestlandsforsking!

Forskarar innan klimaomstilling

Søknadsfrist: 30.09.2020

Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er om lag 30 tilsette i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv. Vi har ein lang tradisjon for internasjonalt forskingssamarbeid, og utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag.

Vi held til ved Campus Sogndal i Sogn og Fjordane, i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjent for fantastisk natur og gode vilkår for friluftsliv.

Kunne du tenkje deg å forske på korleis vi kan løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar? Då kan desse stillingane i Sogndal vere noko for deg.

Vestlandsforsking har stor aktivitet på området klimaomstilling og ønskjer å tilsetje ein til to forskarar som forskar II (med doktorgrad) eller forskar III (utan doktorgrad). Dersom to blir tilsette, vil ei av stillingane vere fast og den andre mellombels.

Forskarane vil vere knytte til forskingsgruppa for klima og miljø og kan bli kopla til det nyetablerte forskingssenteret Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing). Senteret har som mål å styrkje samfunnet si evne til klimatilpassing og rettar seg både mot privat og offentleg sektor. Arbeidet inneber difor kontakt med verksemder og aktørar som på ulike måtar må tilpasse seg klimaendringane, og arbeidsoppgåvene kan til dømes omfatte formidling og rettleiing i tillegg til tradisjonell forskingsaktivitet.

Aktuelle forskingstema er analyse og handtering av klimarisiko, klimatilpassing, energiomstilling, industriell økologi, berekraftig transport og forbruk.

Du bør ha ei fagleg hovudforankring innan samfunnsfag og det er ønskjeleg med relevant arbeidserfaring frå offentleg eller privat verksemd. Du bør ha kompetanse på kvantitativ metode og gjerne erfaring med kvalitativ metode. Søkjarar med relevant doktorgrad, forskarerfaring eller anna relevant arbeidserfaring frå feltet vil bli føretrekte.

Du må trivast med oppdragsforsking og kunne inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Vi legg vekt på sjølvstende, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, men òg trekk som god gjennomføringsevne og stor arbeidskapasitet. I tillegg er det viktig at du har god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver. Vestlandsforsking har eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø med om lag 30 forskarar frå fag som statsvitskap, samfunnsgeografi, økonomi og naturvitskap. Vi har velutvikla samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå og tilbyr fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og andre velferdsordningar.

Løn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Søknad med CV og publikasjonsliste, karakterutskrifter/vitnemål og eventuelle attestar, kan og sendast til Vestlandsforsking, postboks 163, 6856 Sogndal

Søk på stillingen

Spørsmål om stillingen