Ledige forskarstillingar på felta reiseliv og klimaomstilling

Forskar innan reiseliv

Søknadsfrist: 20.04.2022

Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er om lag 36 tilsette i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv. Vi har ein lang tradisjon for internasjonalt forskingssamarbeid, og utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vestlandsforsking arbeider systematisk for å sikre likeverd, mangfald og god kjønnsbalanse. Vi held til ved Campus Sogndal i Sogn og Fjordane, i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjent for fantastisk natur og gode vilkår for friluftsliv.

Kunne du tenkje deg å jobbe i eit spennande og tverrfagleg forskingsmiljø i nært samarbeid med partnarer i samfunns- og næringsliv? Då kan desse forskarstillingane i Sogndal vere noko for deg. Vi lyser ut ei stilling innan reiseliv og ei innan klimaomstilling. Vi er òg interesserte i kandidatar med kompetanse på begge fagområda.

Vi ønskjer å utvide den tverrfaglege forskingsgruppa vår innan bærekraftig reiseliv, som i dag tel åtte personar. Gruppa utfører forskings- og utviklingsoppgåver på område som opplevingsbasert reiseliv, cruiseturisme, reiseliv og miljø, kvalitetssikring av reiselivsopplevingar, lokal og regional verdiskaping, innovasjon og produktutvikling av reiselivstenester. Vi byggjer kunnskap både til bruk i reiselivsbedriftene sitt innovasjons- og utviklingsarbeid, og til offentleg sektor og politikkutforming.

Arbeidsoppgåvene som ligg til denne forskarstillinga, er prosjektarbeid, utvikling av nye prosjekt, publisering og formidling av forskingsresultat.

Vi ser etter dyktige og motiverte medarbeidarar med erfaring frå forsking, helst med doktorgrad og bakgrunn innanfor reiseliv. Personar med mastergrad og relevant erfaring er òg aktuelle.

Du må vere sjølvstendig og trivast med oppdragsforsking. Vi legg vekt på formell kompetanse, publisering og anna dokumentert forskingsinnsats, personlege eigenskapar og nettverk. I tillegg ser vi det som nødvendig at du har gode samarbeidsevner og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Som forskar må du vidare ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø og gode velferdsordningar. Vi har velutvikla samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

Løn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Send søknad med CV og publikasjonsliste, karakterutskrifter/vitnemål og eventuelle attestar elektronisk til: post@vestforsk.no

Søknadsfrist: 20. april 2022.

For nærare informasjon om stillinga:

Forskingsleiar for teknologi og samfunn,
Hilde G. Corneliussen, tlf: 479 00 814, e-post: hgc@vestforsk.no

Direktør Anne Karin Hamre: 979 86 511, akh@vestforsk.no

FINN-kode 251728396

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Powered by Labrador CMS