LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis II i norrøn filologi

Søknadsfrist: 01.08.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Førsteamanuensis II i norrøn filologi

Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv – «bistilling») som førsteamanuensis II i norrøn filologi ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing.

Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling (minst 50 %) utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden.

Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 18 administrativt tilsette, og kring 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Me tilbyr studieprogram i nordisk språk og litteratur, klassisk filologi, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, kunsthistorie, teatervitskap, og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Lektorutdanninga i nordisk (norsk) er også ein del av LLE. Instituttet er òg vertskap for to senter: Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk. Til instituttet ligg også arbeid med tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.

For tida arbeider to fast tilsette, ein forskar og ein stipendiat innan norrøn filologi ved instituttet. Det er fleire med norrønkompetanse i tilstøytande fag og ved Universitetsbiblioteket.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet består hovudsakleg av undervisning (emne på 100-, 200- og 300-nivå), rettleiing og eksamensarbeid for studentar innanfor BA- og MA-programma i norrøn filologi og i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen.

Administrative oppgåver knytt til undervisning og deltaking i den kontinuerlege utviklinga av faget høyrer også med.

Undervisningsspråka er norsk (eller eit anna skandinavisk språk) og engelsk.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Forskingskompetanse tilsvarande norsk doktorgrad innan norrøn filologi, nordisk språk og litteratur eller tilsvarande er eit krav.
  • Dokumentert kompetanse i norrønt språk og norrøn litteratur er eit krav. Ei brei fagleg orientering og kunnskapar innan tilstøytande mellomalderdisiplinar er ein føremon.
  • Undervisningskompetanse er eit krav, og erfaring med undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå vil verta særleg vektlagt i vurderinga av søkjarane. Erfaring med å utvikla læremiddel ein føremon.
  • Gode norsk- (hhv. svensk-, dansk-) og engelskkunnskapar er eit krav; det er forventa at søkjaren kan undervise både på skandinavisk og engelsk etter behov.
  • I tillegg vil det vera ein føremon med dokumentert kompetanse i moderne islandsk.

Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, formidlingsevner og entusiasme for arbeidet blir tillagt vekt. 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer.

Krav om nærvær på campus kan variera gjennom tilsetjingsperioden. UiB dekkjer som hovudregel ikkje reise- eller bukostnader for den som vert tilsett.

Hos oss får du:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
  • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen - nær både byliv og natur.
  • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
  • Brutto årsløn på kr 757 600-785 000 i full stilling (kode 1011). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdera høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. 

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:

  • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga.
  • Under «CV», oppgi:
    • Personalia.
    • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar (publikasjonsliste) kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg.
    • Språkferdigheiter.
    • Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverande eller tidlegare overordna.
  • Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument:
    • Liste over vitskaplege publikasjonar og inntil fem vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga.
    • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsopplegg og/eller evalueringar.
    • Vitnemål som dokumenterer fullførte grader (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.

Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til fagkoordinator, førsteamanuensis Jens Eike Schnall på e-post: eike.schnall@uib.no, tlf: 415 99 161 eller instituttleiar, professor Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, tlf: 55 58 36 53

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultetet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at me kan løysa oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Anders Fagerjord (Instituttleiar), +4755583653, anders.fagerjord@uib.no
  • Jens Eike Schnall (Fagkoordinator), +4741599161, eike.schnall@uib.no
Powered by Labrador CMS