Ledige forskarstillingar på felta reiseliv og klimaomstilling

Forskar innan klimaomstilling

Søknadsfrist: 20.04.2022

Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er om lag 36 tilsette i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv. Vi har ein lang tradisjon for internasjonalt forskingssamarbeid, og utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vestlandsforsking arbeider systematisk for å sikre likeverd, mangfald og god kjønnsbalanse. Vi held til ved Campus Sogndal i Sogn og Fjordane, i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjent for fantastisk natur og gode vilkår for friluftsliv.

Kunne du tenkje deg å jobbe i eit spennande og tverrfagleg forskingsmiljø i nært samarbeid med partnarer i samfunns- og næringsliv? Då kan desse forskarstillingane i Sogndal vere noko for deg. Vi lyser ut ei stilling innan reiseliv og ei innan klimaomstilling. Vi er òg interesserte i kandidatar med kompetanse på begge fagområda.

Vestlandsforsking har stor aktivitet på området klimaomstilling og ønskjer å tilsetje ein seniorforskar som får tilknyting til forskingsgruppa for klima og miljø og forskingssenteret Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing). Noradapt har som mål å styrkje samfunnet si evne til klimatilpassing og rettar seg både mot privat og offentleg sektor. Arbeidet inneber difor kontakt med offentlege og private verksemder og aktørar som på ulike måtar må tilpasse seg klimaendringane, og arbeidsoppgåvene kan til dømes omfatte formidling og rettleiing i tillegg til tradisjonell forskingsaktivitet.

Aktuelle forskingstema er analyse og handtering av klimarisiko, klimatilpassing og energiomstilling. Det er for tida størst behov innafor forsking på korleis reiselivet både må omstille seg til klimaendringar og bidra til å nå FN sine berekraftsmål.

Du bør ha ei fagleg hovudforankring innan samfunnsfag og gjerne kompetanse på både kvantitative og kvalitative metodar. Søkjarar med relevant doktorgrad og forskarerfaring vil bli føretrekte. Vi er også opne for søkjarar utan doktorgrad som har relevant erfaring frå privat eller offentleg verksemd.

Du må trivast med oppdragsforsking og kunne inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Vi legg vekt på sjølvstende, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, men òg trekk som god gjennomføringsevne og stor arbeidskapasitet. I tillegg er det viktig at du har god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø og gode velferdsordningar. Vi har velutvikla samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

Løn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Send søknad med CV og publikasjonsliste, karakterutskrifter/vitnemål og eventuelle attestar elektronisk til: post@vestforsk.no

Søknadsfrist: 20.april 2022.

For nærare informasjon om stillinga:

Forskingsleiar for klima og miljø,
Halvor Dannevig: 976 76 397, hda@vestforsk.no

Direktør Anne Karin Hamre: 979 86 511, akh@vestforsk.no

FINN-kode: 251746366

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Powered by Labrador CMS