Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Kommunikasjonsdirektør
Universitetet i Bergen er eit leiande og samfunnsengasjert universitet, synleg og med påverknad nasjonalt og internasjonalt. Vi søkjer etter kommunikasjonsdirektør med ansvar for å vidareutvikle UiB som ein viktig premissleverandør i utforminga av framtidas kunnskapssamfunn.
Kommunikasjonsdirektøren får ansvar for å leie og utvikle UiBs interne og eksterne kommunikasjon og inngår i Universitetsdirektøren si leiargruppe.
Vi søkjer etter ein visjonær og strategisk direktør som skal støtte universitetsleiinga og avdelingane i kommunikasjonsfaglege spørsmål. Direktøren skal gjennom tydeleg profilering vidareutvikle UiB som ein synleg kunnskapsaktør nasjonalt og internasjonalt.
Arbeidsoppgåver:
Overordna ansvar for UiB sitt eksterne og interne kommunikasjonsarbeid
Redaktøransvar for universitetet sine eigne kanalar
Støtte universitetsleiinga, fakulteta og avdelingane i strategiske og kommunikasjonsfaglege spørsmål
Leie arbeidet med å profilere og bygge omdømmet til UiB
Støtte UiB sine forskings- og utdanningspolitiske merkesaker
Leie Kommunikasjonsavdelinga og legge til rette for kompetanseutvikling for medarbeidarane
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad eller tilsvarande. I særskilte tilfeller kan manglende formell utdanning kompenseres ved lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og videreutdanning.
Brei samfunnsinnsikt og kunnskap om offentleg sektor
Sterk motivasjon til å vidareutvikle UiB
Motiverande leiarstil med vekt på samarbeid og dialog
Solid erfaring med kommunikasjon som strategisk endringsverktøy
Dokumenterbare resultat og erfaring innan strategisk kommunikasjon
Erfaring med målstyring, og budsjett- og resultatansvar
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn etter nærare avtale i stilling som avdelingsdirektør (kode 1060)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.