Universitetet i Bergen har en ledig spennende stilling!

Kommunikasjonsdirektør

Søknadsfrist: 04.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret.

Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsdirektør

Universitetet i Bergen er eit leiande og samfunnsengasjert universitet, synleg og med påverknad nasjonalt og internasjonalt. Vi søkjer etter kommunikasjonsdirektør med ansvar for å vidareutvikle UiB som ein viktig premissleverandør i utforminga av framtidas kunnskapssamfunn.

Kommunikasjonsdirektøren får ansvar for å leie og utvikle UiBs interne og eksterne kommunikasjon og inngår i Universitetsdirektøren si leiargruppe.

Vi søkjer etter ein visjonær og strategisk direktør som skal støtte universitetsleiinga og avdelingane i kommunikasjonsfaglege spørsmål. Direktøren skal gjennom tydeleg profilering vidareutvikle UiB som ein synlig kunnskapsaktør nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar for UiB sitt eksterne og interne kommunikasjonsarbeid
  • Leie arbeidet med å profilere og bygge omdømmet til UiB
  • Leie Kommunikasjonsavdelinga og legge til rette for kompetanseutvikling for medarbeidarane
  • Støtte UiB sine forskings- og utdanningspolitiske merkesaker
  • Støtte universitetsleiinga og avdelingane i strategiske og kommunikasjonsfaglige spørsmål
  • Redaktøransvar for universitetet sine eigne kanalar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule
  • Brei samfunnsinnsikt og kunnskap om offentleg sektor
  • Sterk motivasjon til å vidareutvikle UiB Motiverande leiarstil med vekt på samarbeid og dialog
  • Solid erfaring med kommunikasjon som strategisk endringsverktøy
  • Dokumenterbare resultat og erfaring innan strategisk kommunikasjon
  • God innsikt i trendar og utvikling i medielandskapet og kommunikasjonsbransjen
  • Erfaring med målstyring, og budsjett- og resultatansvar

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter nærare avtale i stilling som avdelingsdirektør (kode 1060)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

For ytterlegere informasjon, kontakt:

  • Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm, tlf. 957 70 062, eller
  • Assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden tlf. 975 57 140

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS