LEDIG STILLING VED OSLOMET

Forskingsdirektør 

Søknadsfrist: 10.03.2025

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Forskingsdirektør ved OsloMet

Vil du vere med å forme framtidas universitet?

OsloMet har dei seinare åra hatt god vekst i forskingsaktiviteten og universitetet sitt samarbeid med arbeids- og samfunnsliv. Som forskingsdirektør får du ansvar for å vidareutvikle dei sentrale administrative funksjonane for dette arbeidet i tett samarbeid med fakultet, senter, og andre avdelingar i den sentrale administrasjonen til OsloMet. Du vil også vere ein viktig strategisk rådgjevar for leiinga ved universitetet.

FoU-avdelinga ved OsloMet har ei nøkkelrolle i å vidareutvikle OsloMet som eit forskingsuniversitet tett på samfunnet. Avdelinga har særleg ansvar for sentrale støttefunksjonar for FoU, innovasjon og samfunnsforbetringar, tilrettelegging for samarbeid med nærings- og arbeidsliv, juridiske tenester, og koordinering av forskarutdanningane ved universitetet.

Stillinga rapporterer til prorektor FoU og er del av leiargruppa i Divisjon for forsking, utvikling og universitetsbibliotek.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere å

  • bidra til å vidareutvikle OsloMet som forskingsuniversitet tett på samfunnet i tråd med strategien til universitetet
  • sørge for hensiktsmessig organisering, styring og utvikling av FoU-avdelinga for å støtte OsloMets forskingsaktivitet og arbeid med samfunnsforbetringar og innovasjon
  • koordinere arbeidet innanfor ansvarsområdet i fellesadministrasjonen og med fakultet og senter
  • sikre at forskarane og fagmiljøa ved universitetet har gode støttefunksjonar for å søke om og gjennomføre eksternt finansierte prosjekt
  • sikre god rapportering og analysar til dei sentrale organa ved universitetet innanfor forsking og samfunnsforbetringar
  • vere ein oppdatert strategisk rådgjevar for leiinga ved OsloMet

Vi ser etter deg som har

  • brei leiarerfaring frå større komplekse verksemder
  • kjennskap til avdelinga sine kjerneområde med solid erfaring frå minst eit av områda
  • dokumenterte resultat frå leiing av utviklings- og endringsprosessar
  • høgare utdanning, minimum mastergrad
  • gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Det er ein fordel at du har

  • erfaring frå universitets- og høgskolesektoren eller andre store forskingsorganisasjonar

Vi ønskjer deg som

  • er ein samlande, motiverande og utviklingsorientert leiar
  • evner å kommunisere særs godt på tvers av ulike nivå og fagmiljø
  • er tydeleg og god til å ta avgjerder, men også fleksibel når det er nødvendig
  • er strategisk, med god gjennomføringsevne
  • evner å byggje nettverk og ser verdien av eit godt samarbeid med relevante samfunnsaktørar, nasjonalt og internasjonalt

At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt.

Det er viktig for OsloMet å spegla menneska i regionen og vi ønskjer alle kvalifiserte søkarar velkomen. Vi arbeidar aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet kor du ikkje har vore i arbeid, utdaning eller opplæring er du også velkomen til å søke hos oss.

Vi kan tilby deg

  • ein spennande leiarrolle for deg som vil vere med å forme framtidas universitet
  • store faglege utfordringar i ein organisasjon i endring, med stor samfunnsmessig betydning
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse
  • gode velferdsordningar, til dømes fleksibel arbeidstid og trening i arbeidstida

Vi behandlar berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument må vere lasta opp for at din søknad skal bli behandla. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Dersom du blir innkalla til intervju må du vise fram originalen der. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • Prorektor Tanja Storsul 97 58 51 97

Ta gjerne også uformell og uforpliktande kontakt med seniorkonsulent Øystein Dahl mobil +47 90 56 82 85 eller researchleder Maria Loftheim +47 48 25 72 31 i Jefferson Wells.

Stillinga blir lønna i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk. Stillingskoden er 1060 avdelingsdirektør og årslønna har eit spenn på 1 000 000 – 1 250 000 kroner. For særskild kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgare løn. Frå lønna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse.

Du som søkar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir behandla konfidensielt. Dersom det skjer vil du bli varsla før publisering.

Vil du søke på stillinga må du søke elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.

Søknadsfrist: 10.03.2025

Ref.: 25/02398

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS