Høgskulen i Volda søkjer ein utviklingsorientert og strategisk høgskuledirektør som saman med rektoratet, andre leiarar, tilsette og studentar vil vere med å vidareutvikle høgskulen.

Høgskuledirektør

Søknadsfrist: 22.08.2022

Ved Høgskulen i Volda er det ledig fast stilling som høgskuledirektør. Den nye direktøren tek til snarast råd.

Høgskuledirektøren har saman med vald rektor ansvaret for den daglege leiinga av institusjonen og har styret for høgskulen som næraste overordna instans.

Høgskulen i Volda har ei spennande utvikling dei siste åra med mange nye og planlagde studietilbod på alle nivå og auke i tal tilsette og studentar. Høgskuleområdet er attraktivt og i sterk utvikling både i regi av høgskulen og i samarbeid med andre.

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Høgskuledirektøren er øvste leiar for den samla administrative verksemda ved høgskulen, inkludert økonomi- og personalansvar. Vi har om lag 100 høgt kompetente administrativt tilsette i høgskulens fellesadministrasjonen og på avdelingane. Fellesadministrasjonen er samansett av: Studieadministrasjonen, Forskingsadministrasjonen, Biblioteket, Økonomi og eigedom, Personal og dokumentforvaltning, IT og Kommunikasjon. Direktøren skal - saman med leiarane for desse einingane og administrasjonssjefane på avdelingane - syte for ein god og effektiv administrasjon. Viktige oppgåver blir å vere ein pådrivar for digitalisering, prosessforbetring og campusutvikling.

Kvalifikasjonar

For å utvikle høgskulen ser vi etter deg som har gode leiareigenskapar, som kommuniserer og samarbeider godt, er engasjert og tillitsskapande og har stor arbeidskapasitet. Stillinga krev evne til å bygge relasjonar og skape samhandling internt og eksternt.

Den som vert tilsett må ha relevant høgre utdanning på masternivå eller tilsvarande. Særleg relevant realkompetanse kan kompensere for kravet til utdanning.

Søkjarar må kunne dokumentere brei administrativ røynsle og leiarerfaring. Det vil bli lagt vekt på innsikt i høgre utdanning og forsking. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk, og du må kunne utrykke deg godt både skriftleg og munnleg.

Arbeidsoppgåver

Høgskuledirektørens ansvar går fram av universitets- og høgskoleloven § 10-3.

Sentrale oppgåver er:

- Sekretær for høgskulestyret, og ansvarleg for å setje i verk høgskulens strategiplan og andre vedtak som styringsorgana ved høgskulen gjer.

- Det overordna arbeidsgivaransvaret for alle tilsette ved Høgskulen i Volda. Direktøren arbeider tett med dei tilsettes organisasjonar.

- Det overordna ansvaret for økonomi, budsjettering og rekneskap i tråd med styrevedtak og nasjonale føringar.

Vi tilbyr

Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Stillinga blir lønt etter Statens lønsregulativ, lønsplassering 90.100, stillingskode 1062. Løn etter avtale.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til rektor Johann Roppen, tlf. 47 28 64 23, e-post: johann.roppen@hivolda.no eller høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen, tlf. 99 57 57 44.


Søk på stillingen her

Powered by Labrador CMS