Ledig stilling ved Diku

Rådgivar / seniorrådgivar - Seksjon for utdanning og digitalisering

Søknadsfrist: 29.04.2019

Om stillinga

Diku har frå 01.08.2019 ledig tre faste stillingar som rådgivar/seniorrådgivar i Seksjon for utdanning og digitalisering, med kontorstad i Tromsø.

Det er stor merksemd om bruk av digital teknologi i tilrettelegging for læring i høgare utdanning. Diku er ein nasjonal pådrivar for slik bruk gjennom finansiering og oppfølging av utviklingsprosjekt, kunnskapsutvikling, kommunikasjon og rådgiving.

Diku

Diku skal bidra til å styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremmer utvikling og nyskapning, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformer. Eieren vår er Kunnskapsdepartementet og målguppen er norsk utdanningssektor på alle nivå.


Diku har 130 ansatte med kontorer i Bergen (hovedkontor) og Tromsø.

Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å arbeide med digitalisering for utdanningskvalitet i høgare utdanning, og som kan tilføre verksemda fagleg kompetanse. Dei vi ser etter, må evne å arbeide sjølvstendig og nøyaktig, tenke strategisk og analytisk samt ha gode evner til samarbeid og relasjonsbygging. Kandidatane må kunne representere Diku i ulike fora, og noko reising må påreknast. Vi legg særleg vekt på at kandidatane er godt eigna og motivert for stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • arbeid med utlysing, søknadsvurdering og oppfølging av utviklingsprosjekt ved lærestadene
  • arbeid med forvalting, rådgiving, formidling og nettverksbygging i sektoren
  • delta i nasjonale ekspertgrupper og i kunnskapsutvikling innan seksjonen sitt ansvarsområde
  • arbeid med utforming og gjennomføring av interne og eksterne prosjekt i Diku
  • arbeid med Digital tilstand og andre utgreiings- og analyseoppgåver

Krav til kvalifikasjonar

  • utdanning på masternivå og/eller tilsvarande realkompetanse
  • relevant arbeidserfaring
  • kjennskap til digitalisering for læring og læringsteknologi
  • erfaring frå prosjektarbeid
  • god kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • særs gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Ønska kvalifikasjonar

  • gode metodekunnskapar, medrekna statistisk analyse og bruk av statistikkverktøy
  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • kjennskap til fagskulesektoren
  • kjennskap til aktuelle utdanningspolitiske prioriteringar

Vi tilbyr

  • eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
  • høve til opplæring og fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • høve til trening i arbeidstida

Generell informasjon

Diku er IA-verksemd. Dei som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Innhaldet i stillinga kan verte endra som følgje av omstillingar i Diku.

Stillingane vert lønna som rådgivar (kode 1434) innanfor lønsspenn kr 524 200 - kr 597 400 eller som seniorrådgivar (kode 1364) innanfor lønsspenn kr 576 100 - kr 658 300, etter kvalifikasjonar. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Trekk til pensjonstilskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i folkesetnaden si samla kompetanse. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, samt hol i CV-en, til å søkje jobb.

Dersom søkjar vil reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert imøtekome, jf. offentleglova § 25.

Spørsmål om stillingane kan rettast til:

  • Seksjonsleiar Ann-Tove Eriksen, tlf. 996 44 514

Vidare kan ein òg vende seg til HR-seniorrådgivar Irene Laumann Walde, tlf. 901 56 296, for generelle spørsmål om stillinga.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS