Ledig stilling ved Diku

Seniorrådgivar - IKT - drift og digitalisering

Søknadsfrist: 25.08.2019

Om stillinga

Diku har ledig ei fast 100 % stilling som seniorrådgivar, for tida ved Seksjon for IKT og arkiv. Kontorstad er Bergen. Tiltreding snarast.

Diku

Diku skal bidra til å styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremjar utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformar. Eigaren vår er Kunnskapsdepartementet, og målguppa er norsk utdanningssektor på alle nivå. Diku har 125 tilsette med hovudkontor i Bergen, samt kontor i Tromsø og Brussel.

Seksjon for IKT og arkiv har i dag et IKT-team på 5 faste tilsette og 2 lærlingar, og er knytt til Avdeling for styring og samordning. Diku har store ambisjonar for framtida, blant anna gjennom effektiv drift og digitaliseringsarbeid. Den vi søkjer til stillinga er interessert i ny teknologi, samt opptatt av å forbetre og effektivisere måtar å arbeide på. Er du løysningsorientert, ein dyktig IKT-løysningsarkitekt eller ønskjer å bli ein, og har driftserfaring med blant anna Azure og Microsoft 365 (inklusiv SharePoint), er det kanskje deg vi ser etter.

Vi søkjer ein sjølvstendig og fagleg dyktig person som er systematisk og nøyaktig, og som har gode samarbeidsevner. Vi legg særleg vekt på at kandidaten er godt eigna og motivert for stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • drift, support og forvaltning av systemer i IKT-tjenestekatalogen til Diku
  • bidra i digitaliseringsprosjekt, gjerne som prosjektleiar
  • bidra til kontinuerleg forbetring av vårt IKT-miljø
  • analysere behov og mål, og gje råd om desse
  • ROS-analysearbeid, til dømes for å lukke hol
  • identifisere utfordringar og moglegheiter innan informasjonsløysingar, og utarbeide modellar og prosessar i tråd med desse

Krav til kvalifikasjonar

  • høgare utdanning på masternivå og/eller tilsvarande realkompetanse
  • relevant erfaring innan IKT-drift og -forvaltning
  • erfaring frå prosjektarbeid, helst som prosjektleiar
  • erfaring med Microsoft 365
  • særs god digital kompetanse
  • særs gode engelsk- og norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Ønska kvalifikasjonar

  • erfaring frå prosessmodellering
  • erfaring frå offentleg forvaltning

Vi tilbyr

  • eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
  • høve til opplæring og fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • gode pensjons- og låneordningar frå Statens pensjonskasse
  • høve til trening i arbeidstida

Genell informasjon

Diku er ei IA-verksemd. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Innhaldet i stillinga kan verte endra som følgje av omstillingar i Diku.

Stillinga vert lønna som seniorrådgivar (kode 1364) innanfor lønsspenn kr 563 700 – 667 200, etter kvalifikasjonar. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.   Trekk til pensjonstilskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i folkesetnaden si samla kompetanse. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ei samanhengande yrkeskarriere, til å søkje jobb hos oss.

Dersom søkjar vil reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert imøtekome, jf. offentleglova § 25.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Seksjonsleiar Kenneth Hopsdal på tlf. 477 08 927

Vidare kan ein vende seg til HR-rådgivar Grethe Isdahl på tlf. 416 39 559, for generelle spørsmål om stillinga.

Søknad og komplett CV med oversyn over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge).

Søk på stillingen