Ledig stilling ved Diku

Rådgivar / seniorrådgivar - Seksjon for utdanning og forskning

Søknadsfrist: 29.04.2019

Om stillinga

Diku søkjer ein rådgivar/seniorrådgivar i fast 100 % stilling ved Seksjon for utdanning og forsking, med Bergen som arbeidsstad. Tiltreding etter nærmare avtale.

Seksjon for utdanning og forsking har i dag 13 fast tilsette og er knytt til Avdeling for kunnskap og læring. Seksjonen si verksemd omfattar verkemiddel som fremjar kvalitet i høgare utdanning, koplingar mellom utdanning og forsking, og internasjonalt samarbeid og mobilitet.

Diku

Diku skal bidra til å styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremmer utvikling og nyskapning, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformer. Eieren vår er Kunnskapsdepartementet og målguppen er norsk utdanningssektor på alle nivå. Diku har 130 ansatte med kontorer i Bergen (hovedkontor) og Tromsø.

Stillinga er primært knytt til EØS-ordninga (EEA and Norway Grants). Målet med denne ordninga er å bidra til å redusere økonomiske og sosiale skilnader i Europa og å styrke bilaterale kontaktar med mottakarland i EU. Diku har eit ansvar for tiltak innanfor utdanningsområdet.

Vi søkjer ein kandidat som er fleksibel, analytisk, systematisk og utviklingsretta. Den rette søkjaren er initiativrik, sjølvstendig og har gode samarbeidsevner. Kandidaten må ha god rolleforståing og gode evner til kommunikasjon, og må vere ein flink relasjons- og nettverksbyggjar. Den tilsette må kunne representere Diku i ulike fora. Vi legg særleg vekt på at personen er godt eigna og motivert for stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • samarbeid med aktørar i og utanfor Noreg
  • utviklingsoppgåver og administrativt arbeid
  • rådgjeving og oppfølging
  • tilrettelegging og mobilisering for auka aktivitet i ordninga
  • formidlingsoppgåver
  • resultatanalyse
  • andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Ordninga skal virke saman med andre program som støtter kvalitetsutvikling og internasjonalt samarbeid. Ein del reiseverksemd i inn- og utland må påreknast.

Krav til kvalifikasjonar

  • utdanning på masternivå og/eller tilsvarande realkompetanse
  • minimum tre års relevant arbeidserfaring
  • god kjennskap til norsk utdanningssektor
  • særs gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • god digital kompetanse

Ønska tilleggskvalifikasjonar

  • erfaring frå kommunikasjons- og nettverksarbeid
  • kjennskap til internasjonalt utdanningssamarbeid
  • kjennskap til europeisk samarbeid
  • kjennskap til kvalitetsutvikling i utdanning (grunnopplæring eller høgare utdanning)
  • erfaring frå prosjektleiing eller programadministrasjon
  • erfaring frå offentleg forvalting
  • relevante språkkunnskapar utanom engelsk

Vi tilbyr

  • eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
  • høve til opplæring og fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • gode pensjons- og låneordninger i Statens pensjonskasse
  • høve til trening i arbeidstida

Generell informasjon

Diku er IA-verksemd. Dei som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjelder for stillingane. Innhaldet i stillingane kan verte endra som følgje av omstillingar i Diku.

Stillinga vert lønna som rådgivar (kode 1434) innanfor lønnsspenn kr 524 200 – kr 597 400 eller som seniorrådgivar (kode 1364) innanfor lønsspenn kr 576 100 - kr 658 300. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Trekk til pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad reflektere mangfaldet i samfunnet og utnye potensialet i befolkninga si samla kompetanse. Vi oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, samt hol i CV-en til å til å søkje.

Dersom søkar vil reservere seg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søkaren vil i så fall bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir imøtekome, jf. offentleglova§ 25.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Seksjonsleiar Jon Gunnar Mølstre Simonsen, tlf. 412 70 290

Vidare kan ein og vende seg til HR-rådgivar Grethe Isdahl, tlf. 416 39 559, for generelle spørsmål om stillinga.

Søknad og komplett CV med oversyn over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar, skal leggast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge).

Søk på stillingen