Prodekan for nyskaping og regional utvikling ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
Søknadsfrist: 29.06.2025
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar.
Fakultetet blir leia av dekan som har det overordna ansvaret for den faglege og administrative virksomheten ved fakultetet og som rapporterar til rektor.
Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnvitskap har ledig 100% åremålsstilling i fire år som prodekan for nyskaping og regional utvikling
Fakultet for teknologi miljø - og samfunnsvitskap søkjer ein prodekan med eit stort engasjement for å nå Høgskulen og fakultetet sine ambisjonar, samt ønskje om å fremje nyskaping og regional utvikling. Tiltredelse så raskt som mulig.
Prodekanen vil ha eit overordna og strategisk ansvar for nyskaping (innovasjon og KI/digitalisering) og regional utvikling. Stillinga er for tida ikkje tillagt personalansvar, men dette kan bli endra og delegert frå dekan. Prodekan for nyskaping og regional utvikling inngår i fakultetet si leiargruppe, og har eit medansvar for leiing og utvikling av fakultetet. Stillinga rapporterer til, og har delegert mynde frå, dekan.
Nyskaping har ein sterk posisjon på fakultetet. Vår ambisjon er å stimulere til innovative prosessar der forskingsbasert kunnskap utvikla i fagmiljø ved fakultet vert tatt i bruk, og der vi gjennom eit tett samspel med private og offentlege verksemder bidreg til regional utvikling. Det er vidare eit mål om å bidra til nyskaping frå utdanning, både gjennom studententreprenørskap og ved samarbeidsprosjekt der studentane bidreg til innovasjonar i eksisterande verksemder.
Som prodekan gir du råd til dekan og instituttleiarar om strategiske val som styrkjer fakultetet sin posisjon og innverknad i regionen, og korleis regionale samarbeidspartnarane kan nyttast for å utvikle forsking og utdanning ved HVL. Du bidreg til godt samarbeid med prodekan for utdanning og prodekan for forsking, og har evne til å vidareutvikle fakultetet som regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsaktør. Du bidreg dessutan til å utvikle feltet nyskaping og regional utvikling i HVL gjennom samarbeid med dei andre fakulteta og med institusjonsnivået.
Stillinga krev engasjement og stor arbeidskapasitet for å styrkje innovasjons- og entreprenørskapskulturen blant studentar og tilsette ved fakultetet gjennom mobilisering og formidling av aktivitet, prosjekt og resultat.
Prodekan kan ha hovudarbeidsstad i Bergen, Haugesund, Stord, Sogndal eller Førde, og det forventast nærvære på alle campusar slik at ein bidreg til å leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø.
Det må påreknast ein del reiseverksemd.
Ansvars- og arbeidsområde:
Ha eit heilskapleg og strategisk ansvar for nyskaping (innovasjon og KI/digitalisering) og regional utvikling i fakultetet. Det vil og seie eit overordna ansvar for eksterne relasjonar, og vidareutvikle det utoverretta samspelet med regionane.
Bidra til kommersialisering og at forskningsbasert kunnskap frå fakultetet vert tatt i bruk.
Stimulere til at studentar ved fakultetet vert gjeve moglegheit til å arbeide med eigne forretningsidear.
Ha eit eksternt perspektiv på å bygge inn KI/digitalisering og berekraft i fakultetets verksemd
Utvikle fakultetet sin laboratorium/forskingsinfrastruktur, gjerne i samarbeid med eksterne partnarar.
Følgje opp internasjonaliseringsarbeidet i fakultetet og vidareutvikle fakultetet si inn- og utveksling av studentar og tilsette.
Bidra til heilskapleg campusutvikling ved alle høgskulen sine campus, og bidra til tverrfagleg og interfakulært samarbeid.
Samarbeide med høvesvis prodekan for utdanning og prodekan for forsking om arbeidet i fakultetet sitt utdanningsutval og Forskings- og innovasjonsutvalet (FI-utval), og posisjonere HVL som ein attraktiv utdannings- og forskingsinstitusjon kjent for høg kvalitet.
Prodekan kan få ansvars-/arbeidsoppgåver ut over det som står i utlysinga.
Mynde
Mynde i stillinga er delegert frå dekan, og prodekan rapporterer til dekan. Prodekan inngår i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.
Kvalifikasjonar:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant høgare utdanning og høg vitskapeleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå innan fakultetet sine fagområde.
Kunne vise til erfaring frå regional samhandling mellom høgskulen og verksemder/klynger/nettverk
Erfaring frå arbeidet med tilrettelegging for nyskaping blant studentar (studententreprenørskap) og tilsette (forskingsdrevet innovasjon) i UH-sektoren vil bli vektlagt
Dokumentert kompetanse og erfaring innan fakultetet sine fagområde er ønskjeleg
Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt
Ønsket kompetanse
God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag og for verdien av samhandling med omgjevnadane lokalt, regionalt og internasjonalt
God forståing for regionalt utviklingsarbeid og arbeidslivet sitt kompetansebehov
Erfaring frå, og/eller kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
Erfaring med endringsarbeid er ei føremon
Erfaring frå arbeid med nyskaping (innovasjon, digitalisering og KI) vil vere ei føremon
Personlege eigenskapar:
Vi søker deg som:
Har en trygg og engasjerande leiarstil og som evner å skape resultat i samarbeid med andre
Ønsker å bygge kultur for fagleg fellesskap og kollegialt samarbeid
Har gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
Har evner til strategisk heilskapleg perspektiv
Har gjennomføringsevne og er resultatorientert
Er løysings- og utviklingsorientert
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen..
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga som prodekan er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1474 - dekan.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt ekportkontrollforskriften. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.