Prodekan for nyskaping og regional utvikling ved Fakultet for helse- og sosialvitskap
Søknadsfrist: 10.08.2025
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem kampus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.
HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.
HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 5150 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.
Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening og praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og simulering ved vårt avanserte simuleringssenter, SimArena. Fakultetet legger vekt på fleksible læringsformer og oppmodar studentane til å delta aktivt i forsking og utviklingsarbeid.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig åremålsstilling som prodekan for nyskaping og regional utvikling
Fakultet for helse- og sosialvitskap søkjer prodekan for nyskaping og regional utvikling i fireårig åremålsstilling med tiltreding så raskt som mogeleg, og seinast frå 01.01.2026. Prodekan for nyskaping og regional utvikling har på vegne av dekan eit strategisk ansvar for nyskaping (innovasjon og KI/digitalisering) og regional utvikling.
Vi ser etter ein samlande og framtidsretta leiar med god forståing for nyskaping og teknologiutvikling som endringsdrivar og med god innsikt i vår regionale rolle. Du har nettverkskompetanse, dokumentert leiarerfaring og solid kunnskap om universitets- og høgskulesektoren.
Nyskaping og regional utvikling er berande element i Høgskulen på Vestlandet si verksemd og i vårt oppdrag. Prodekan for nyskaping og regional utvikling har vidare eit særskilt ansvar for å styrke høgskulen sitt samspel med samfunns- og arbeidsliv på heile Vestlandet om utvikling av erfarings- og forskingsbasert kunnskap.
Prodekan for nyskaping og regional utvikling sitt samla ansvar skal utøvast i tett samarbeid med institutta og Senter for omsorgsforsking vest. Prodekan har medansvar for heilskaplege vurderingar for å realisere høgskulens og fakultetets strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.
Det er for tida ikkje tillagt personalansvar i stillinga, men dette kan bli endra og delegert frå dekan. Prodekan for nyskaping og regional utvikling inngår i fakultetet si leiargruppe, og har mynde delegert frå dekan. Stillinga rapporterer til dekan.
Prodekan for nyskaping og regional utvikling kan ha hovudarbeidsstad i Bergen, Stord, Haugesund, Sogndal eller Førde. Det må påreknast ein del reiseverksemd.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Ha et heilskapleg og strategisk ansvar for nyskaping (innovasjon og KI/digitalisering) og regional utvikling i fakultetet. Det vil og seie eit overordna ansvar for eksterne relasjonar, og vidareutvikle det utoverretta samspelet med regionane
Vidareutvikle arbeidet med å synleggjere høgskulen og fakultetet som ein vesentleg kunnskaps- og kompetanseaktør regionalt, nasjonalt og internasjonalt
Oppfølging og vidareutvikling av fakultetet sine strategiske mål knytt til internasjonalisering
Delta i prosessar for utvikling av campus som arbeidsplass, studiestad og nyskapingsarena
Delta i og utvikle fruktbare samband mellom utdanning, forsking og nyskaping
Andre oppgåver pålagt/gitt av dekan
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant høgare utdanning og høg vitskapeleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
Relevant erfaring med undervising, forsking og kvalitetsarbeid i høgare utdanning
Dokumentert erfaring og kompetanse innanfor fakultetet sine profesjonar og fagområde er ein føremon
Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt
Generelle kompetansekrav:
God innsikt i høgskulen sitt samfunnsoppdrag
God erfaring frå, og/eller solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
God innsikt i digitalisering som endringsdrivar
God forståing for nyskaping og omstilling i helse- og sosialsektoren
Erfaring med endringsarbeid er ein føremon
Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
Gode leiareigenskapar
Ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
Gode evner til kommunikasjon, samhandling, bygge tillit og relasjonar
Gjennomføringsevne, utvikling- og resultatorientert
Stort engasjement for å nå høgskulen og fakultetet sine ambisjonar
Må kunne handtere komplekse utfordringar
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som prodekan er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1474 - dekan.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.