Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Hovudbibliotekar / fagleg leiar i Seksjon for bibliotektenester

Søknadsfrist: 02.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremjar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei 100 % fast stilling som fagleg leiar/hovudbibliotekar (stillingskode 1077 hovudbibliotekar). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for bibliotektenester, med arbeidsstad på Bibliotek for humaniora. Stillinga er ledig frå 1. november 2020, tiltreding etter nærare avtale.

Arbeids- og ansvarsoppgåver:

  • Arbeidsleiing med ansvar for dagleg drift og utvikling av tenester som gir ein auka verdi for UB sine brukargrupper og UiB sin kjerneverksemd
  • Utvikling og profilering av biblioteket som ein formidlingsarena
  • Utvikling av det fysiske læringsmiljøet med vekt på brukarperspektivet
  • Vere pådrivar i digitaliseringsprosessar, effektivisering og fornying av arbeidsprosessar
  • Delta i øvrige oppgåver knytt til dokumentlevering, kurs og rettleiing, samt i førstelinetenesta fysisk og digitalt

Den som vert tilsett kan bli pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Bibliotekfagleg utdanning på bachelor- eller masternivå i kombinasjon med relevant praksis
  • Relevant leiar- og arbeidserfaring frå biblioteksektoren er naudsynt
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kjennskap til biblioteksystemet ALMA/Oria er ei føremon
  • God digital kompetanse er ei føremon
  • Gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg i norsk og engelsk er naudsynt
  • Leiareigenskapar og evne til sjølvstendig, resultatorientert arbeid vert vektlagt

Personlege eigenskapar vi etterspør:

  • Du er engasjert, initiativrik, løysingsorientert og har høg arbeidskapasitet
  • Du er ein tydeleg person som legg til rette for eit godt arbeidsmiljø
  • Du er endringsvillig og nytenkande
  • Du har gode evne til å lytte og motivera medarbeidarar
  • Du er fagleg nysgjerrig og likar å halde deg oppdatert, og du er opptatt av kunnskapsdeling
  • Du er serviceinnstilt, fleksibel og omgjengeleg med gode samarbeids- og formidlingsevner
  • Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

Ved vurdering av søkarane vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
  • Løn som hovudbibliotekar etter lønssteg 58 – 68 (kode 1077) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 513 600 – 615 900. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Trude Færevaag, tlf: 55 586683 (kontor), 478 04 626 (mobil), e-post trude.ferevaag@uib.no, eller
  • Hovudbibliotekar Anne Bjørkum Åsmul, tlf: 55 582524 (kontor), mobil: 952 69 234, e-post anne.asmul@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS