LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Spesialbibliotekar / universitetsbibliotekar - Biblioteket, eining for studiestøtte

Søknadsfrist: 15.12.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Biblioteket er organisert som ein del av HVLs fellesadministrasjon, og er i dag organisert med fire eningar; eining for publikumstenester, eining for studiestøtte, eining for forskingsstøtte og eining for informasjonsressursar. Bibliotektenesta omfattar fem fysiske bibliotek fordelt på fem campus. Biblioteket har eit bredt tenestetilbod for studentar og tilsette, og skal vidareutviklast som eit tidsaktuelt utdannings- og forskingsbibliotek som aktivt støttar opp under høgskulens faglege profil og ambisjonar.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast 100 % stilling som spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar

Stillinga er knytt til bibliotekets eining for studiestøtte og rapporterer direkte til leiar for eininga.

Arbeidsstad er campus Bergen, stillinga har likevel eit medansvar for samkøyring og utvikling av bibliotektenester på tvers av HVLs fem campusar. Stillinga medfører utstrekt samarbeid med fagmiljø i HVL samt innad i høgskulebiblioteket.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Kontaktbibliotekar for utdanningar og fagmiljø knytt til Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap ved campus Bergen
  • Undervisning og rettleiing til studentar i informasjonssøking, referansehandtering og akademisk skriving
  • Arbeide med kunstig intelligens og tenesteutvikling (UX) i biblioteket
  • Opplæring i bruk av forskingsprogramvare, og støttefunksjonar knytt til dette
  • Ansvar for samlingsutvikling innan aktuelle fagområde
  • Brukaropplæring i og ansvar for system som Bolk og Leganto
  • Skranketeneste
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning innan bibliotek- og informasjonsvitskap eller tilsvarande bibliotekfagleg utdanning, fortrinnsvis på masternivå, eller anna masterutdanning innan relevante fag for stillinga
  • Erfaring med undervisning og rettleiing frå fag- og forskingsbibliotek er ønskjeleg
  • God digital kompetanse
  • Relevant arbeidserfaring og personleg eignaheit vert vektlagt 
  • For tilsetting som spesialbibliotekar krevst bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap eller tilsvarande bibliotekfagleg utdanning
  • For tilsetting som universitetsbibliotekar krevst utdanning på minimum masternivå

Personlege eigenskapar:

Vi søker etter ein fagleg engasjert medarbeidar som er utviklings- og resultatorientert, systematisk, serviceinnstilt, oppsøkjande og initiativrik, fleksibel, og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Stillinga krev evne til å arbeida sjølvstendig og i team, og forutset god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1515 Spesialbibliotekar eller i stillingskode 1199 Universitetsbibliotekar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Søk stilling

Powered by Labrador CMS