Vil du ha deltidsjobb som mentor ved Det psykologiske fakultet?
Søknadsfrist: 26.04.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og tre senter. Les mer om fakultet og tilhørende institutt.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Mentor
Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar til stilling som studentmentor for studieåret 2026/2027. Tilsettinga er frå august til desember og utgjer ca. 50 timar (5 - 8 % stilling). Bli med på å gje nye studentar ved Det psykologiske fakultet ein god studiestart!
Om mentorordninga ved Det psykologiske fakultet
Mentorordninga er et tiltak for å sikre best mogleg læringsmiljø, og er eit tilbod til alle fyrsteårsstudentane ved fakultetet. Målet er å gje studentane forutsetningar for meistring av studiet, tryggleik i studenttilhøvet, samt å bidra til danninga av sosiale nettverk.
Studentane på studieprogramma vert delt inn i mindre grupper, og kvar gruppe vert leia av ein studentmentor gjennom ulike aktivitetar i fyrste studieår. No tilset vi mentorar for studieåret 2026/2027. Vi treng ca 26 mentorar fordelt på dei sju studieprogramma;
bachelor arbeids- og organisasjonspsykologi,
bachelor generell psykologi,
bachelor pedagogikk,
bachelor spesialpedagogikk,
profesjonsutdanning i psykologi,
årsstudiet pedagogikk, og
årsstudiet psykologi
Arbeidsoppgåvene til ein mentor:
Leia ei gruppe på 15 – 35 studentar
Planleggja og gjennomføre gruppemøte og sosiale samlingar med mentorgruppa di
Utveksle erfaringar med andre mentorar på fakultetet
Skrive korte loggar frå gruppemøte og andre mentoraktivitetar
Kommunisere med studentane i gruppa utanom faste møtetidspunkt
Det kan òg verte aktuelt med andre oppgåver.
Du kan kombinera jobben som mentor med å vera fulltidsstudent, og eventuelle kollisjonar med eiga undervisning kan vi legge til rette for. Du kan også både vera fadder og mentor.
Du vil få attest frå fakultetet etter fullført jobb.
Kvalifikasjonar:
Studentar ved Det psykologiske fakultet kan søkje dersom dei går eit av følgjande program:
Bachelor og master i arbeids- og organisasjonspsykologi
Bachelor i generell psykologi
Master i psykologi
Bachelor og master i pedagogikk
Bachelor og master i spesialpedagogikk
Profesjonsstudiet i psykologi
I tillegg kan studentar på master i global utvikling: teori og praksis, helsefremmande arbeid og helsepsykologi, eller logopedi søkje dersom dei har bachelorgrad frå fakultetet. Du kan også søke om du går du på eit av årsstudia våre og planlegg å starte på ei av bachelorgradane ovanfor.
Vi ser etter studentar som
har lyst til å bidra til eit godt og inkluderande læringsmiljø for nye studentar.
møter andre med respekt og forståing, og som er komfortabel med å tilpasse seg ulike situasjonar.
er nysgjerrig på å leie ei gruppe og skape gode samtalar, og som kan jobbe både sjølvstendig og saman med andre.
Du treng ikkje å vere ekspert – du får opplæring i forkant, og oppfølging undervegs i løpet.
Vi legg særleg vekt på motivasjon og personlege kvalitetar, og vi oppmodar deg til å søke sjølv om du ikkje kjenner deg igjen i alle punkta.
Opplæring blir avholdt 5. og 6. august. Det er ein føresetnad om at alle som takkar ja til stilling, kan møte fysisk på dette.
Vi tilbyr:
god opplæring i gruppeleiing, rolleforståing og praktisk gjennomgang av mentoraktivitetar
oppfølging av fakultetet og mulighet til å utveksle erfaringar med dei andre mentorane
tilgang til verktøy og materiale som du som mentor kan bruke i arbeidet
løn som fagkonsulent (kode 0389) ut frå ei årslønn på kr 435 800. Dette utgjer ei timelønn på ca. kr 223.
ei kort utgreiing om motivasjonen for å søkje stillinga
CV (bruk det elektroniske skjemaet)
informasjon om studentnummer, kva studieprogram du går på og kvar du er i studieløpet
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:
rådgjevar og gruppeleiar for førstelinjetenesta Hilde Strand Dybevik, hilde.dybevik@uib.no, 55 58 62 88.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.