LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

To ph.d.-stipendiatar i fiskefysiologi

Søknadsfrist: 17.04.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

To ph.d.-stipendiatar i fiskefysiologi

Ved institutt for biovitskap er det ledig to stillingar som ph.d.-stipendiat i fiskefysiologi med fokus på syn og økofysiologi. Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). 

Ph.d.-kandidatane vil vere ein del av eit aktivt og internasjonalt forskingsmiljø ved Universitetet i Bergen og bidra til eksperimentell forsking på korleis klimaendringar påverkar fysiologi og åtferd hjå fisk. Dei som vert tilsette vil få erfaring med avanserte eksperimentelle metodar, arbeide tett saman med internasjonale samarbeidspartnarar, og gjennomføre eit fullfinansiert tre månader langt forskingsopphald i utlandet. Dei to ph.d.-stillingane er tett knytte saman, og kandidatane vil ha høve til å samarbeide og lære metodar frå det parallelle prosjektet, noko som gjev eit breitt sett av kompetansar.

Stillingane er knytt til det større prosjektet "VR-briller for fisk", finansiert av Trond Mohn Stiftelse og Universitetet i Bergen.

Om prosjektet

Klimaendringar endrar marine økosystem raskt og utset fisk for varmare temperaturar og lågare oksygennivå (hypoksi). Medan dei direkte verknadene av desse stressfaktorane på fisk er godt kjende, veit vi langt mindre om korleis dei påverkar sanseevnene som vill fisk er avhengig av for å oppdage predator, vurdere risiko og ta åtferdsval. Dersom oppvarming og hypoksi endrar synsfunksjonen, kan dette endre korleis fisk oppfattar omgjevnadene sine, reagerer på truslar og nyttar energien sin. Dette prosjektet undersøkjer korleis hypoksi og oppvarming påverkar synet, og om endringar i synet fører til breiare endringar i fryktreaksjonar og energibruk hjå atlantisk torsk (Gadus morhua). Ved å integrere sansebiologi, åtferd og fysiologi, har prosjektet som mål å avdekke korleis klimaendringar påverkar ytinga og overlevinga til fisk.

Stilling ein: Kva skjer med synet til ein fisk når havet vert varmare og oksygennivået søkk? 

Dette ph.d.-prosjektet undersøkjer korleis temperatur og oksygentilgang påverkar synsfunksjonen hjå torsk. Kandidaten vil arbeide med ein kombinasjon av åtferdstestar, netthinnefysiologi og molekylære teknikkar, mellom anna optomotoriske testar, måling av oksygen i netthinna, elektroretinografi og genuttrykk for opsin. Målet er å utvikle ei detaljert, fleirnivåforståing av korleis oppvarming og hypoksi påverkar synssystemet, frå oksygentilførselen i netthinna til korleis fisken ser fargar, rørsler og detaljar. Det er rom for å utvide kandidaten si metodiske kompetanse og tileigne seg avansert teknisk ekspertise gjennom internasjonale opphald ved leiande laboratorium for fiskefysiologi. Denne stillinga gjev ein framifrå moglegheit for kandidatar som er interesserte i sansebiologi og fysiologi hjå marine organismar.

Stilling to: Korleis formar syn, oppvarming og hypoksi fryktreaksjonar hjå ein fisk? 

Dette ph.d.-prosjektet nyttar eit toppmoderne system for virtuell røyndom for å bringe realistiske møte med predator inn i laboratoriet, og undersøkjer korleis syn, temperatur og oksygen, kvar for seg og i kombinasjon, påverkar antipredator-åtferd og fryktreaksjonar. For å gjere dette vil kandidaten utvikle og finjustere protokollar som integrerer samstundes målingar av åtferd, stoffskifte og stresshormon. For å utfylle det andre ph.d.-prosjektet (Stilling ein), fokuserer denne stillinga på torsk og inkluderer moglegheita til å gjennomføre samanliknande eksperiment i utlandet med tropiske fiskeartar. Denne stillinga gjev ei spennande moglegheit til å arbeide i skjeringspunktet mellom åtferd, fysiologi og klimaendringsbiologi, og til å bidra til å utvikle meir økologisk realistiske tilnærmingar til å studere vill fisk i laboratoriet.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må:

  • ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i biologi eller ei anna fagretning som er relevant for prosjektet. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 1. juli 2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • ha framifrå skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Det er ein fordel med:

  • erfaring med å gjennomføre eksperiment på fisk eller andre dyr.
  • sterke kvantitative kompetansar innan datahandtering (til dømes ved bruk av R, Python eller tilsvarande)
  • sertifisering innan dyrevelferd (til dømes FELASA), sjølv om opplæring kan bli gjeven som ein del av ph.d.-utdanninga.
  • erfaring med elektrofysiologi, molekylære metodar, genuttrykk eller andre relevante metodar (Stilling ein)
  • erfaring med respirometri, måling av fysiologiske ytingsmål, åtferdstestar og/eller hormonanalysar (Stilling to)

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial som vitnar om ei stigande karriereutvikling vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit framifrå og fagleg stimulerande arbeidsmiljø med unge og dedikerte medarbeidarar.
  • tilgang til eit breitt internasjonalt nettverk av fiskefysiologar.
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing (maks 2 sider) om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga skriven av søkjaren. Oppgje gjerne om du ønskjer å bli vurdert for begge ph.d.-stillingane eller berre éi av dei, og eventuelle prioriteringar.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) med pdf-vedlegg, inkludert masteroppgåva di.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar Rachael Morgan, institutt for biovitskap, UiB. Email: rachael.morgan@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Magnus Skogstad, seksjon for HR, magnus.skogstad@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS