Ledig stilling på Universitetet i Oslo
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Avdelingsleiar SV-info (SKO 1407)
Søknadsfrist: 18.10.2024
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.
Fakultetsadministrasjonen er delt i fire seksjonar; Seksjon for studie, Seksjon for økonomi, Seksjon for HR og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 65 tilsette.
Om stillinga
Vi har for tida ei ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar ved SV-info, informasjonssenteret ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.
SV-info har 4 fulltidstilsette, 6 deltidstilsette og ein faddersjef i deltidsstilling.
SV-info har ansvar for å gi informasjon og yte tenester til studentar knytt til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Avdelinga har i tillegg ansvar for sakshandsaming av studentsøknadar, studiestart, rekruttering, internasjonalisering, tilrettelegging i studiekvardagen, læringsmiljø og studieadministrative rutinar. Arbeidet i avdelinga skjer i tett dialog med institutt og senter ved fakultetet og andre einingar ved Universitetet i Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Personal- og fagansvar for SV-info
- Ansvar for dagleg drift og strategisk utvikling av studenttenesta ved fakultetet
- Prosessforbetring og utviklingsarbeid innanfor studiefeltet
- Saksførebuing og rådgjeving for leiinga og til styringsorgana ved fakultetet
- Ansvar for Si-fra systemet for studentar ved fakultetet og sakshandsaming av varsel frå studentar
- Representant for fakultetet i relevante råd og nettverk ved UiO
Andre oppgåver kan leggast til stillinga ved behov. Avdelingsleiar vil samarbeide tett med administrativ studieleiar ved fakultetet.
Kvalifikasjonskrav
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande mastergrad. Dokumentert relevant kompetanse kan kompensere for utdanningskravet om søkar kan dokumentere evne til å meistre oppgåver på det aktuelle nivået
- Solid erfaring med studieadministrativt arbeid
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
Ønskeleg kompetanse/erfaring
- Søkarar med leiarerfaring, koordineringserfaring og god kjennskap til informasjonsarbeid vil bli føretrekt
- God kjennskap til arbeidsverktøy ved UiO
- Kjennskap til offentleg forvaltning
- Kjennskap til lovverket som regulerer universitets- og høgskulesektoren
Personlege eigenskapar - vi søker deg som:
- Har gode leiareigenskapar og evnar å delegere
- Trivst med å jobbe med mange oppgåvar samstundes, og har stort pågangsmot og gjennomføringsevne
- Har gode samarbeidsevner
- Er analytisk, service- og utviklingsorientert
- Evnar å motivere og skape eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn som avdelingsleiar SKO 1407 plasserast i eit spenn frå kr.732 300 til kr. 821 100, avhengig av erfaring og kompetanse
- Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- Trening i arbeidstida - du får mellom anna ansattpriser hos SiO Athletica
- God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
- God kantine med et variert utvalg av varm og kaldretter
Søknaden skal innehalde
- Søknadsbrev
- CV, vitnemål (berre for høgare utdanning) og relevante attestar
- Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkar, e-postadresse og telefonnummer)
Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge innen 18.10.2024
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Søk på stillingen