Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Malerikonservator - Avdeling for kulturhistorie

Søknadsfrist: 09.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Malerikonservator (avdelingsingeniør, vikariat)

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for kulturhistorie, er det frå 1. juli 2020 (eller etter avtale) ledig eit vikariat for ein malerikonservator med konserverings- og samlingskompetanse innan kulturhistorisk materiale. Vikariatet har ei varigheit til og med 31.01.2021 (kan bli forlenga)

Universitetsmuseet i Bergen har store samlingar av kulturhistoriske gjenstandar i utstillingar og i ulike magasin. I forbindelse med oppgradering av eksisterande magasin er det sett i gang eit prosjekt knytt til flytting av museets kulturhistoriske samlingar. Vikariatet er knytte til dette prosjektet som er lagt til Seksjon for samlingsforvalting og konservering ved Avdeling for kulturhistorie. Seksjonen har ansvar for forvaltning, bevaring, konservering og dokumentasjon av museets samlingar til forskings- og formidlingsføremål og har 20 tilsette med arbeidsoppgåver tilknytt arkiv, foto, samlingsforvaltning og konservering.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene i prosjektet vil omfatte registrering i databasar, lettare reingjering, tilstandsvurdering, fotografering, merking, sikring, pakking, fotografering, sanering (frysing), opp-pakking, plassering, organisering samt innplassering i nye magasin. Prosjektet er omfattande og arbeidsoppgåvene varierte. Til tider vil det vere eit fysisk krevjande arbeid og tidvis monotont, og i periodar vil det bli hektiske dagar når ein arbeidar opp mot fristar. Museet treng ein medarbeidar med høg arbeidskapasitet og forståing av logistikk, og som kan arbeide som del av eit team og bidra til prosjektets faglege utvikling og gjennomføring.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonskrav:

  • Godkjent konserveringsutdanning (på Masternivå) innan malerikonservering
  • Dokumentert erfaring med handtering og registrering av museumsgjenstandar og samlingar frå tilsvarande prosjekt
  • Erfaring med fotografering av museumsgjenstandar
  • Erfaring med systematisk HMS-arbeid
  • God generell IT-kompetanse
  • Erfaring med universitetas felles databasesystem (UNIMUS) eller tilsvarande databasar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Førarkort for personbil (klasse B)

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Vere fleksibel, systematisk, strukturert og nøyaktig
  • Evne til å tenkje og arbeide kreativt og breitt
  • Positiv, initiativrik og målretta
  • Kunne arbeide som del av eit team, men og sjølvstendig
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø med fysisk arbeide.

Den som vert tilsett kan ikkje vere allergisk mot støv eller kjemikaliar i ein slik grad at det vil påverke arbeidet. Kunnskap og forståing av systematisk HMS-arbeid er og ein føremon.Det er vesentleg at den som vert tilsett er eigna for stillingane, og personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • Deltaking i eit spennande og relevant flytteprosjekt
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Gode og engasjerte kollegaer
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085, LR 22) i lønssteg 51 - 54, for tida kr 456.400 – 479.600 i det statlege lønsregulativet
  • For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn verte vurdert
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Camilla C. Nordby, leiar av Seksjon for samlingsforvaltning og konservering, E-post: camilla.nordby@uib.no, Mob: (+47) 97 65 96 32 eller
  • Asbjørn Engevik, leiar av Avdeling for Kulturhistorie, E-post: asbjorn.engevik@uib.no, tlf: (+47) 55 58 31 24, Mob: (+47) 92 02 37 11, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen
  • Søknad:

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sidaSøknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om motivasjonen din for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning, arbeidserfaring og publikasjonar (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS