Avdelingsingeniør (vikariat) - Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 03.10.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig eit vikariat (100 %) som avdelingsingeniør frå 01.10.2021 til 31.03.2022 med moglegheit for forlengelse.
Stillinga er knytt til Forskningsenhet for helseundersøkelser (FHU) som er eit samarbeidsprosjekt mellom Det medisinske fakultet og Haukeland Universitetssjukehus. Eininga har som hovudformål å gjennomføre kliniske studiar på friske og på sjuke personar.
Arbeidsstad er Overlege Danielssens Hus, Årstadveien 21.
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåvene vil vere:
utføre standarundersøkingar av studiedeltakarar, utfylling av spørjeskjema, registrering av studiedata/-dokumentasjon
utføre blodprøvetaking og handtering av biologisk materiale ved laboratoriet
delta i dagleg drift av eininga
kommunikasjon med deltakarar via telefon og e-post
det vil vere viktig å arbeide for å gjere eininga kjent blant potensielle brukarar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha relevant bachelor grad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet
søkjar må ha helsefagleg bakgrunn då det vert nødvendig med blodprøvetaking. Søkjar må ha godkjenning for å utføre slikt arbeid
den som vert tilsett må ha erfaring med laboratoriearbeid og handtering av biologisk materiale
erfaring med kliniske mål vil vere ein føremon
Søkjarar med disse erfaringane er å føretrekke:
det er ønskeleg med erfaring frå datainnsamling i forbindelse med kliniske studiar
erfaring med spirometri og bioimpedanse vil vere in føremon
det er ønskeleg med erfaring med venflon
GCP-kurs
Vi søkjer ein person som
har gode samarbeidsevner og evne til sjølvstendig arbeid
gode kunnskapar i norsk og engelsk
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) med bachelorgrad i lønssteg 47- 52 (for tida kr 439 900 – 475 800), med mastergrad lønssteg 51-53 (for tida kr 468 300-483 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
FHU sin leiar, professor Francisco Gómez Real, e-post: francisco.real@uib.no , tlf.: 91 56 11 46
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.